Mariann Humberset

– Glad for å hjelpe andre med psykiske vanskar

– Det er kjekt å vere med på verdsdagen for psykisk helse. Viss eg kan hjelpe nokon, vert eg glad.

Psykisk helse: Mariann Humberset har fått spørsmål om psykisk helse frå maange etter tv-programmet «jeg mot meg». – Det er fint å kunne gje litt støtte, seier ho.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Det fortel Mariann Humberset. Onsdag deltok ho under markeringa av verdsdagen for psykisk helse i Volda. Både på høgskulen under markeringa i lunsjen der, og seinare på eit ettermiddagssete på Rokken.

Mariann, som er vokalist i bandet Pikekysz, vart kjend for heile Noreg som deltakar i NRK-programmet «Jeg mot meg». Programmet går no i haust, og temaet er psykisk helse blant unge menneske.