Storøving i sentrum

Onsdag vert det storøving i Vikegata i Ørsta sentrum.

Klar til øving: Varabrannsjef og brannmeister, Kurt Kristiansen.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

– Brann, politi og ambulanse er med, fortel varabrannsjef i Ørsta brann og redning, Kurt Kristiansen.

Scenarioet som utspelar seg er ein kollisjon mellom ein tankbil og ein personbil.

– Det er snakk om eit kjemikalieuhell. Vi har folk som er kjemikaliedykkarar, så her vert det full pakke, seier Kristiansen.

– Det er viktig for oss å øve på dette. Vi har mykje tungtransport på vegane våre, og den dagen dette mot formodning skulle skje, då vil vi vere best mogleg førebudde, seier han.

Han vil ikkje røpe for mykje av det som skal skje, då det heile skal vere ei svært reell øving for alle involverte instansar.

–Men folk må vere merksame på at det vert ein del som skjer i området akkurat den timen øvinga varer. Det er ingen grunn til uro, seier varabrannsjefen.

Dei har ei stor øving kvart år for å halde mannskap i alle etatar oppdaterte, og for å hauste erfaringar for å kunne gjere jobben sin betre.

– Dette er ei god øving for alle, på tvers av alle instansar. Det er bra å øve på samarbeid, og gir oss også kunnskap om korleis vi på ein sikker og god måte kan ta vare på innbyggjarar, folk i nærområdet og folk som ferdast på vegane, den dagen ulykka skulle skje.