Sekstenåring sikra Ørsta-poeng

– Det er det herlegaste målet eg har skåra som senior, seier Sverre Sætre Orten (16).

  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Det unge Ørsta-talentet kom inn og sikra det eine poenget for Ørsta i lokalderbyet mot Volda på Volda stadion fredag kveld.

Det vart 1–1 i lokaloppgjeret, og det i ein kamp som eksploderte i andre halvdel av andre omgang.