Har funne fleire som er forkomne og avmagra

Fryktar at kattungar vert dumpa i Furene

Ein av dei siste dagane i august reiste Ingeborg Nilsen Lystad til Furene for å handle. Det var seint på kveld, og parkeringsplassen var nesten tom. Så høyrde ho hyla.

Ny heim: Penny skal vere glad for at Ingeborg Nilsen Lystad la handleturen til Furene ein av dei siste dagane i august. Der stod ho nemleg, forskremt i ei veggrøft, då katteelskar Ingeborg kom forbi. Ingeborg har kattar frå før, men har innvilga Penny permanent opphaldsløyve i heimen, noko også dei andre kattane ser ut til å akseptere godt.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

– Først trudde eg at det var ein skadd katt som hylte. Så var det Penny, liten, redd, kald og svolten, som stod der i veggrøfta. Ho skreik forferdeleg. Og ho stakk då eg kom bort, men eg klarte å lokke henne til meg. Ho var mager, men i fin stand. Eg tok henne med, og har etterlyst eigaren, men ingen har meldt seg. Så no bur ho her med meg, fortel Lystad, som har fått sjekka helsetilstanden hos veterinær.