Bygdepride får likestillingspris

Kultur og folkehelseutvalet vedtok i dag å tildele likestillingsprisen 2018 til Bygdepride.

5.000 deltok på arrangementet i mai 2018. Her frå paraden.   Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

- Det er veldig kjekt å kunne dele ut årets pris til Bygdepride, seier Marit Nerås Krogsæter, leiar i kultur- og folkehelseutvalet i ei pressemelding.


Lengre enn 17-mai toget

Kulturministeren: Veldig rørande

Pride-paraden mønstra fleire enn 17-mai toget i Volda.


Likestillingsprisen blir delt ut kvart år til enkeltpersonar, grupper, organisasjonar, skolar/skoleklasser, bedrifter, institusjonar, kommunar eller andre som har gjort ein særleg god innsats for likestillingsarbeidet i fylket.


3.000-4.000 møtte opp

Håper fleire bygder følgjer etter: – Dette er beviset på at bygda er for alle

Anbjørn Steinholm Frislid (22), initiativtakar og leiar for Ørsta/Volda Pride, håper fleire følgjer etter.


Ørsta/Volda Pride vart etablert som organisasjon i 2017, og har som formål å fokusere på lesbiske, homofile, bifile og transpersonar sine rettar i bygdemiljøet. 10.-13. mai 2018 vart det for første gong arrangert eit Pride-arrangement i Ørsta og Volda. Arrangementet hadde stor oppslutning frå om lag 5.000 personar. Ørsta/Volda pride er ein del av organisasjonen FRI, Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold.


Leiar av Bygdepride, Anbjørn Steinholm Frislid:

– Det var ei kjensle av at verda ville gå under om nokon fekk vite det

Så var det ikkje så gale likevel: Frykta for å vere annleis. Frykta for å miste vener. Frykta for at einsemda berre skulle vekse seg større. Berre fordi han er homofil.


Prisen blir delt ut på fylkestinget i Geiranger 15. oktober. Prisen er ein diplom, kunstverk og 15 000 kroner.


Landbruksminister Jon Georg Dale

- Takk til pastor Hans Reite, du gjorde meg tilstrekkeleg forbanna

- Takk til de som står bak dette. De har vist at det er mogleg!