Det er føremiddag midt i ein seinsommar-grå vekedag, og Linda Storeide står i døra i sokkelleilegheita på Trandal.

– Det vart ein lang dag i går på arbeid, så eg er litt trøytt, seier den sommarbrune og blide 49-åringen, og kjem med kaffi. Linda har lagt bak seg hektiske veker på Christian Gaard der ho er potet og altmoglegkvinne, som gjer alt frå å ordne praktiske ting til å fortelje kraftig overdrivne skrøner, slik faren Frank Storeide gjorde i ei årrekkje. Det er vel eit år sidan ho flytta tilbake til Trandal, Linda som er eldst i ein søskenflokk på fem.

– Det er ingen annan stad eg vil vere enn her på Trandal. Det er både stort og sterkt for meg.

Rusfri: Linda Storeide fekk livet tilbake etter å ha vore narkoman i mange år i Oslo. 49-åringen kan ikkje få fullrost alt familien har gjort for henne. No bur ho på Trandal. Her sit ho på kanskje verdas mest berømte reie på Christian Gaard.

Motpolar

Linda Storeide har hatt det ho nesten vil kalle eit surrealistisk liv med to enorme motpolar. Kven hadde trudd at denne dama, som var så pliktoppfyllande, denne storesystera i familien som tidleg lærte å ta ansvar, og som var oppteken av å gjere ære på familienamnet, at det var ho som skulle verte narkoman og hamne på gata i Oslo i år etter år?

– Folk har sagt det til meg, at var det ein person dei ikkje trudde skulle hamne i slik elende, så var det eg. Men så skjedde det. Eg har tenkt mykje over dette, kvifor det vart slik. Det er vanskeleg å gi noko godt svar. Det kan kanskje ha noko med at eg har så veldig sterke kjensler, vurderer Linda.

jobbar: Linda jobbar på Christian Gaard og har teke over rolla til faren Frank Storeide, legenda i bygda. Det likar ho.

Ho hadde ein normal og fin oppvekst. Det var i Stockholm, dit heile storfamilien reiste. Familien budde der fram til Linda var femten år. Då flytta dei til Ålesund før foreldra, Frank og Torill Storeide, to år seinare flytta til Trandal. Plutseleg var Linda aleine – fullt og heilt – for første gong i livet. Ingen kravde eller forlanga lenger noko av henne. Ho var sytten år, gjekk på Latinskolen og budde på hybel. Det gjekk fint første tida.

Ein dag fann Linda og ei veninne ut at dei ville haike til Oslo, for å smake på storbylivet. Oslo var givande, og det vart fleire turar dit. Heime i Ålesund hamna Linda gradvis over i feil miljø, ho byrja å skulke skulen og var mykje saman med folk som påverka henne negativt. Smaken på rus kom likevel ikkje før ho som attenåring tok lappen og flytta til Oslo saman med veninna. Dei delte leilegheit og Linda fekk seg jobb fleire stader, ho var både telefonseljar, jobba i butikkar, på barar, klubbar og andre stader. I ein periode hadde ho tre jobbar på ein gong. Det gjekk greitt, men var krevjande. Linda tente bra med pengar og reiste ganske ofte heim til foreldra på Trandal.

Så skjedde det noko. Linda vart kjent med ein gjeng «fine» folk med pengar, og då ho klaga over at ho var så gåen etter å jobbe så mykje, vart porten til eit langt helvete opna for henne. For ho byrja med stoff. Narkotika.

– Eg vart fortald at stoffet ville gjere meg godt. Men eg visste ikkje at det var heroin eg røykte. Stoffet fekk meg til å slappe av og sove om natta, og eg kunne gå på jobb. Men eg følte første gongen eg røykte heroinen at det ikkje kom til å gå bra dersom eg heldt fram.

I ein månad heldt Linda fram med å røyke heroin som ho fekk gratis. Ho kom fram til at ho ikkje kunne halde på slik, så ho ville slutte, men så kom abstinensen, skjelvinga, sveittinga, kvalmen, det store ubehaget. Han som hadde gitt henne gratis heroin, og som meir eller mindre budde hos Linda og veninna, tilbaud ho no å kjøpe heroin. Linda let seg freiste. Og no gjekk det raskt i nedoverbakke, veldig raskt mot avgrunnen. Linda vart hekta på heroinen, og miste på kort tid alle jobbane. Dama som hadde sprøyteskrekk byrja med heroin på sprøyter. Då veninna flytte tilbake til Ålesund, hamna Linda på gata – bokstaveleg tala – og veksla mellom å bu i trappeoppgangar og slikt til å bu på hospits. I høgtidene kunne ho gå gatelangs i fine bustadområde og kike inn glasa i heimane til folk, og sjå kor kjekt og godt dei hadde det.

Ho brukte første tida stoff for 8000 kroner i døgnet, og heldt saman med det mest belasta stoffmiljøet i hovudstadsgatene. Kirkerista, Oslo S, Børsen, Skippergata. Samlingsstadene var fleire for dei narkomane. Linda vart desperat etter å finne pengar til stoff. Alle grenser vart oppheva. Ho vart kriminell, stal, utførte ran, dreiv med forfalsking, og var selskapsdame til menn med pengar. Ho gjorde det meste ho ikkje skulle ha gjort bortsett frå å prostituere seg. Der gjekk grensa sjølv for den sterkt narkobelasta hjørundfjordingen.

– Det var like før, men eg tviheldt på den vesle verdigheita mi som var att.

Linda Storeide

Prøvde å verte rusfri

Fleire gonger prøvde ho å verte rusfri, for ho hadde eit sterkt håp om å klare dette i ein situasjon der faren Frank leige privatdetektiv for å finne ut om dottera var i live.

– Eg visste at eg påførte foreldra mine stor sorg, difor kutta eg kontakta med dei.

Linda var 26 år då ho første gongen prøvde å ta livet sitt, og sette ein overdose i ei lånt leilegheit.

– Eg opplevde stor sorg då eg vakna. Eg ville berre døy, kvardagen var eit stort helvete, fortel ho.

I tillegg til å ruse seg, brukte ho mykje av dagane til å selje stoff, noko som var hovudinntekta hennar.

Redda

I elleve år budde Linda på gata. Så vart ho redda. Ein dag ho skulle oppsøkje langaren sin, tidleg i 1999, oppdagar ho at faren Frank sit på ein stol på kjøkkenet og drikk kaffi. Han sa han ville ta ho med heim, sjølv om Linda følte det var for seint. Likevel vart Linda med til Trandal. Ho vart lagt inn på det psykiatriske sjukehuset på Hjelset, og var der i tre veker, og syntest ho ikkje fekk hjelp i det heile. Dette skjedde medan ho venta på plass på Veksthuset på Molde. Linda vart nykter i ventetida, men starta etter kvart med amfetamin. Ho flytta til Ålesund der ho fekk seg jobb på ein bar. Så skjedde det som ofte skjer: Linda vart forelska, og raskt vart ho gravid. I desember 1999 fødde ho ei jente. Ho klarte å vere rusfri i svangerskapet, men etter at ho slutta å amme, og dottera var åtte månader, var ho igjen tilbake med rusen.

– Eg var slett ikkje klar for det nye livet med sambuar og å verte mamma. Overgangen vart for brå, eg hadde for mange arr i sjela, reflekterer dama.

Ho gjekk på sterke tablettar, og vart kasta ut av sambuaren. Dottera vart att hos faren medan Linda budde her og der hos folk ho meir eller mindre kjende. Linda finansierte livet sitt m.a. med å reise til Oslo og kjøpe stoff saman med ein annan i stoffmiljøet. Dei selde stoffet i Ålesund.

Tidleg i år 2001 fekk ho endeleg plass på Veksthuset. Og då byrja skyene å forsvinne frå livet hennar, litt etter litt.

– Eg fekk sakte og sikkert bygt meg opp att, og kvitta meg med rusen. Det gjorde utruleg godt. Endeleg kunne eg føle at eg fekk att meg sjølv. Men det var tøft, eg hadde fått eit stempel, og mange hadde dømt meg nord og ned og det mangla ikkje på fordommar.

I nesten to år var Linda på Veksthuset. Rusfri og nøgd flytte ho til Hovdebygda, men der likte ho seg ikkje, så ho slo seg igjen ned i Ålesund. Der jobba ho på pub, men i tillegg jobba ho på Christian Gaard. Livet nikka til henne, og i 2003 stod han der, den nye mannen i livet hennar som ho møtte på Trandal. Linda og mannen fekk etter kvart ein son, og for ni år sidan følgde Frank Storeide den gifteklare eldstedottera opp kyrkjegolvet i Hjørundfjord kyrkje.

– Eg hadde ni fine år saman med familien min. Vi levde som andre familiar, og eg hadde faste dagar saman med dottera mi. Vi hadde det veldig fint.

Då Frank Storeide døydde av kreft for åtte år sidan, starta ein ny nedtur.

Rakna

– Verda rakna, og ei veke etter gravferda sat eg på flyet til Oslo for å skaffe stoff. Eg følte eg måtte vekk, og prøvde vel å flykte frå røyndomen.

Linda dreiv gatelangs, men kom heim til Ålesund der livet handla om skjule eit stoffproblem. Det varte i eit år før ektemannen sa stopp. Då klarte ikkje Linda å skjule problemet lenger. Ho søkte seg igjen inn på Veksthuset, Ho fekk plass, og var der i ni månader. Men denne gongen var opphaldet mislukka. Ho heldt fram å ruse seg, og ektefellen bad om skilsmisse. Igjen budde Linda her og der i Ålesund. Ho gjekk på heroin og følte livet igjen var håplaust. Ho rusa seg, hadde eit lite opphald, så rakna alt igjen då mora Torill brått døydde dagen etter at Linda hadde hatt ein «god» samtale med henne over telefon. I løpet av ei veke i 2015 tok Linda tre overdosar. Ho hadde så vidt ein liten finger på kanten av stupet. No måtte ho verkeleg gå i seg sjølv. Ho kunne ha brukt sin siste sjanse.

– Eg var 45 år og følte tida begynte å renne ut.

Vestmo

Eit par månader etter mora si gravfred fekk Ålesund sjukehus henne innlagt på Vestmo behandlingssenter. Der var ho i tre månader, og kom ut for å starte med legemiddelassistert rehabilitering, der pasientane vert behandla anten med metadon eller buprenorfin. Linda kom på plass i rehabiliteringsleilegheit og var glad medisinen fungerte. Det høyrer med til historia at Linda sin bror, Karl Helge, døydde ein månad seinare av overdose. Men Linda følte seg sterkare enn på lenge, og stod igjen på føtene – og no var ho bestemt på å skulle klare det for godt. Ho hadde i 2016 eit par små sprekkar, men har sidan vore rusfri. Også då ho etter nyttår i 2017 måtte sone for nokre brotsverk som skuldast rus.

– Opphaldet i Bergen kretsfengsel var veldig karakterbyggande. Eg «vaks» mykje, fekk ta kurs og fag, og fekk sjølvtillit etter gode resultat.

Linda Storeide følte ho endeleg kunne seie høgt at ho hadde lagt åra som rusmisbrukar bak seg. Og då broren Daniel kom på besøk i fengselet, tok ho sats og spurde om ho kunne flytte til Trandal for å starte på nytt. Daniel slapp tenkjepause. I dag bur Linda i kjellaren til Daniel og sambuaren Ivonne. Linda kom til Trandal 28. juli i fjor og jobbar no for fullt på Christian Gaard der søstera Lenita er sjef.

Takksam

– Eg har alt å takke familien min for, utan dei hadde eg ikkje kome dit eg er i dag. Dei tok imot meg med opne armar og gav aldri opp, og dei er årsaka til at eg har det så godt no. Ja, familien har bidrege til at eg har fått att verdigheita, fortel Linda rørt.

Ho viser den vesle hageflekken der ho dyrkar grønsaker, og der nokre geiter denne dagen står og kosar seg med godsakene. Og ho snakkar varmt om utsikta, fjorden og fjella og folka på Trandal som er så kjekke.

Linda Storeide står fram som sterk og reflektert. Ho er glad ho har fått livet tilbake, men samtidig ber ho på dårleg samvit og skam over alle åra ho snubla seg gjennom dagane, og at dette gjekk ut over fleire som aldri fortente det – og som trengde henne.

– Korleis kunne eg vere ei så dårleg mor og kone? Eg har oppført meg stikk i strid med korleis ein skal vere.

49-åringen er trygg på at ho ikkje kjem til å hamne på køyret igjen.

– Eg er betre rusta enn nokon gong, og føler meg trygg på at eg aldri vil ruse meg meir. Det betyr alt å få bu på Trandal, å kjenne på freden og roa, og sleppe storbyen og maset og alle freistingane. Eg har levd lenge i det verste mørket. Den tida er forbi, seier Linda.

Ho er ikkje typen som leitar fram peikefingeren. Men har likevel ei klar melding:

Utslette

– Rus er den beste vegen for å utslette seg sjølv. Rusen stel notida, fortida og framtida, den fjernar ære og relasjonar. Ja, det er som å ha på seg sjumilsstøvlar til undergrunnen, og ein rotnar innvendig. Oppskrifta for å unngå slik skit er å vere ærleg gjennom livet, og spele på lag med dei som vil deg vel. Då vert det bra.