–Eg tykkjer det kjempebra og utruleg kjekt å vere her i Austefjorden. Her var utruleg mykje fine bilar å sjå og det er heilt utruleg at så mykje folk møtte opp i dritvêret, sa Leif Einar «Lothepus» Lothe som var henta inn som trekkplaster og konferansier til Austefjord Motortreff.

Etter at utstillingsplassen opna laurdag føremiddag strøymde besøkande og utstillarar på. Heile grusbana i Austefjorden vart fylt av motoriserte køyretøy i alle fasongar, merker og årsmodellar. Her var det lastebilar, motorsyklar, traktorar og gamle og nye bilar. Ein av dei som hadde teke turen til Austefjorden var Hans Olav Røbekk og dottera Simone med sin Chevrolet Monte Carlo frå 1980.

– Eg hadde ledig tid denne gongen innimellom familielivet og så har eg hatt veldig lyst å reise inn hit på treff tidlegare, seier Røbekk som er medlem av Volda og Ørsta AMCAR-klubb.

Hans Olav Røbekk og dottera Simone hadde teke turen til Austefjorden laurdag. Foto: Joachim Åsebø

– Det er viktig å stille opp så ofte som vi kan og vere med på slike treff. Det er første gongen eg er her og det var mykje meir bilar enn kva eg hadde venta. Det ser veldig bra ut og det er kjekt at her er mykje forskjellig å sjå på.

I tillegg til alle dei utstilte bilane var det ulike aktivitetar både for store og små. Det var og arrangert presisjonskonkurranse med gravemaskin og stabling av ved. Konferansieren var først i aksjon i gravemaskina, men måtte etter kvart sjå seg slått.

– Det var ikkje heilt bra, men eg får prøve å slå dei når det verkeleg gjeld, sa Lothe med eit smil.

Motortreffet i Austefjorden vart arrangert for femte gong. Tidlegare har treffet blitt arrangert i samband med Austefjordhelg, men i år vart motortreffet skilt ut og arrangert for seg sjølv.

– Treffet har vore på fredagen tidlegare og då har vi ikkje fått utnytta dagen til det fulle. Malen vidare er at vi vil prøve å ha to arrangement, men vi ser og at det er mykje for ei lita bygd å ha to dugnadshelger. Vi vonar å knyte til oss fleire som kan ha ansvar for ulike kategoriar, seier Janita Førde og Victoria Leite Høydal i Austefjord Motortreff.

Bygda samlar seg for å arrangere både Austefjordhelg og Austefjord Motortreff. At mange la turen innom treffet laurdag sett arrangøren stor pris på.

– Vi var veldig skeptiske og vêrmeldingane var så som så gjennom veka. Vi er veldig godt nøgde med oppmøtet både av bilar og folk.

Bilen til Erlend Kragset fekk natuleg nok mykje merksemd gjennom dagen. Foto: Joachim Åsebø