Fina søm og design har vore ei eventyrleg reise for Natan Nouri frå Afghanistan og Fiuna Omidi frå Iran. Ekteparet kom til Ørsta for åtte år sidan, og tok i starten små skreddaroppdrag heime i leilegheita.

– Eg kjøpte meg ei lita symaskin og sydde heimanfrå. Etter kvart fekk eg mange kundar som ville fikse på kle og få sydd nye, seier Natan.

I 2014 tok dei steget ut og opna forretning i eit lokale i Vikegata. Med stadig aukande kundemasse, kom draumen om å opne kombinert klesbutikk og skreddarverkstad på Amfi-senteret.

– Vi såg etter kvart at det var eit stort behov for tenestene våre her i området, så vi fekk lyst å flytte inn på ein større plass i ein meir sentral butikk.

I sommar vert målet nådd. Den 1. august stengde Natan og Fiuna dørene i Vikegata og byrja flyttinga til andre etasje på Amfi-senteret. Der er dei snart klare til nyopning, som er planlagt onsdag 22. august.

– Vi kjem til å selje mest kle, men skal behalde skreddartenesta. Vi vil utføre både små og store reparasjonar, fortel Natan, som har tjue års røynsle med saks, nål og tråd.

Tilpassar

I butikken syr han heile kjolar etter mål, tilpassar og reparerer eksisterande kle, og sel eigenimporterte kle frå utlandet. Natan understrekar at det meste kan tilpassast.

Og medan mange andre som driv med klessal i butikk fryktar konkurranse frå netthandel, har uprøvde klede i feil fasong og storleik vorte ein fordel for Fina søm og design.

– Mange kjøper kle på nettet, og så passar dei ikkje heilt. Då må dei hit for å fikse på dei. Vi er faktisk glade for at så mange kjøper kleda på nettet, seier Natan med eit smil.

Butikk med klede frå heile verda

I tillegg til å reparere og tilpasse klede, sel dei også nye klede i butikken. Det meste er importert frå utlandet.

– Folk kan kome inn og fysisk prøve og sjå på kleda, og kjenne på kvaliteten. Vi har eit samarbeid med leverandørar i London, Paris, Tyrkia, Italia og USA. Vårt mål er å kome med mange spanande ting og ha nye kolleksjonar for kvar årstid. Først og fremst har vi spesialisert oss på kjolar og fine dameklede. Og om ein kjole som ein prøver her ikkje passar, kan vi tilpasse han her med ein gong.

– Vi tenkjer også å byrje med barneklede, no når vi har flytta hit. Det vil skje mykje framover, seier Fiuna og Natan.

– Reparer, ikkje berre kjøp nytt

Fiuna og Natan er opptekne av at folk skal nytte seg meir av skreddartenester i staden for å berre kaste fullt brukbare klede med småfeil og kjøpe nytt.

– Å reparere klede er godt for miljøet. Om det er eit lite hól eller nokre knappar som manglar, er det korkje dyrt eller vanskeleg å reparere. Prisane våre er veldig låge. Ikkje kast plagget, men reparer det og bruk det vidare i staden, seier dei to.

– Korleis er det med kapasitet?

– Vi skal hjelpe folk mest det som hastar, men av og til kan det verte litt ventetid. Vi ser på behovet. Om nokon til dømes skal på fest neste dag og må legge opp ein kjole, kan vi jobbe litt overtid og ta det med ein gong.

Likar arbeidet

Dei to driv butikken saman, i tillegg til at Fiuna arbeider deltid som sjukepleiar. Å drive eigen skreddarbutikk i Ørsta, er noko dei likar svært godt.

– Eg trivst godt med arbeidet, og gler meg til å kome på jobb kvar dag. Det skjer mykje spanande, og ein veit ikkje kva ein skal gjere neste dag. Det einaste eg veit, er at det vert noko å sy! Seier Natan.