Arne Ola Grimstad var på tur fremst i Romedalen onsdag, og såg då fleire teikn på at det har vore ein flaum i dalen nyleg.

– Dette var framover mot Høgebakken, framom Steinstøylen, seier Grimstad.

Møre-Nytt har snakka med ein av dei som har dyr i Romedalen. Han seier at dei ikkje har oppdaga skader lenger nede i dalen, men at det var store skader i august for to år sidan.

Arne Ola Grimstad trur at det han såg var resultatet av regnet førre helg.

–  Eg trur dette har skjedd nyleg. Graset låg framleis rett ut. Det var store torvflak som låg opp ned, og dei hadde grønt gras. Det ser ut som om torvflaka er rive laus frå elvebarden. Vatnet har gått over elvebreiddene, det vil seie ein og ein halv meter opp frå der elva gjekk då eg var der. Det må ha regna ofseleg der framme, seier Grimstad.

Fredag til laurdag regna det kraftig i heile Ørsta, men det kan ha regna ekstra mykje i dette området. Det same skjedde omtrent på dagen to år tidlegare, då elva i Barstadvik gjorde store skader. Det var same vindretninga no som den gongen.