Det seier ein entusiastisk Knut-Magne Årseth frå Volda.

Måndag landa han ein fisk på 10,2 kilo. Det var personleg rekord, og samstundes såg han mange andre fiske godt i elva.

– Det har vore eit godt fiske sidan regnet kom. Særleg måndag var det mykje fisk i elva. Det verkar som om laksen berre har stått i sjøen, og gått opp då nedbøren endeleg slo til, fortel Årseth.

Det vert rapportert om at det berre måndag vart landa kring tjuefem laksar. Dei var av god storleik.

Stor: Andreas Bjørke med ein fin laks. Foto: Svein Aam

Årseth fekk altså ein laks på 10,2 kilo.

– Han var hard å få på land. Eg måtte gje sonen min, André, troda, og eg sjølv gjekk ned til elva og fekk kleppa laksen, fortel Årseth.

André fekk sjølv to fiskar måndag. Det var ein stor og ein liten pjakk.

– Det var knusktørt

Knut-Magne Årseth har god tru på eit godt fiske utover.

– Det står framleis mykje laks i sjøen. Ikkje alle gjekk opp under siste nedbørsbolken. Elva har ope til og med 31. august. Då vert det nok fleire turar i elva, seier Årseth.

Han har vore på Bjørke tre-fire gonger tidlegare denne sommaren for å fiske, men som i dei fleste andre elvar, har det stundom vore svært lite vatn.

– Ja, det var til tider knusktørt, og då går det sjølvsagt ikkje fisk opp.

Stolt: Trond Are Strømsnes med laksen han fekk førre måndag. Foto: Svein Aam

Det var ikkje berre måndag det var godt fiske. Også laurdag var det mange som fekk fisk. Søndagar har Bjørkeelva stengd.

I førre veke var det godt fiske måndag og tysdag.

Hundre i Bondalselva

Bondalselva stengjerfor sesongen natt til torsdag. Der vart elva gjenopna sist fredag, og det har vore eit godt fiske, med både laksar og pjakkar.

– Eg sjekka lakseboka onsdag føremiddag, og då var det meldt inn 98 fiskar. Med heile onsdagen reknar eg med at det vil bikke hundre fisk, fortel laksefiskar Otto Rødseth.

Og med kring hundre fiskar etter gjenopninga, vil det seie at desse fem dagane står for ein tredel av all fangst i Bondalselva denne sesongen.

Stamfisk

– Vi trefte godt med gjenopninga. Då kom det regn, og mykje fisk gjekk opp i elva. Ekstra kjekt er det at det vart meldt om godt med fisk framme i elva, fortel leiar Kenneth Hustad i Bondalselva elveeigarlag.

Elveeigarlaget har også byrja å fiske etter stamfisk, og vil halde på med det ei stund framover til kvoten er nådd.

– Men for vanleg fiske er det no heilt slutt. No handlar berre om å få stamfisken vi skal ha, og resten får vere i fred til naturleg gyting.

Stolt: Trond Are Strømsnes med laksen han fekk førre måndag. Foto: Svein Aam