Det har blitt ein tradisjon for Ørsta IL friidrett å arrangere friidrettsskule på tampen av sommarferien. Friidrettsskulen vart for første gang arrangert i 2012, og i år var det sjuande året på rad at den var fullteikna. Frå måndag til og med onsdag denne veka har 59 gutar og jenter vore i full aktivitet på Ørsta stadion.

– Her har det vore fullt kvart år og vi har hatt ventelister. Årsaka til at vi ikkje ta inn fleire er at vi har eit avgrensa tal på leiarar, seier Monica Hjellen Haugland i friidrettsgruppa.

Ørsta IL friidrett nyttar sine eigne utøvarar som leiarar gjennom friidrettsskulen. Dei eldste utøvarane leiar dei mange ulike øvingane medan dei yngre er med som hjelparar.

Smil og trivsel

Nokre av dei som har fått rettleiing denne veka og som har stortrivest på friidrettsskulen er Mari Øyehaug, Tuva Øye, Kristine Eirin Juliebø og Ragnhild Hovland. Då Møre-Nytt vitja Ørsta stadion onsdag føremiddag var jentene godt i gang fartsøvingar og humøret var på topp.

– Her har vi det bra og det er veldig å få vere saman med venner, seier jentene.

Kosa seg: Mari Øyehaug, Tuva Øye, Kristine Eirin Juliebø og Ragnhild Hovland har hatt det kjekt på friidrettskulen.

Nokre av dei er med i friidrettsgruppa frå før, medan andre kunne tenke seg å ta del. Gjennom dei tre dagane har jentene vore innom mange ulike øvingar og idrettar.

– Vi er innom mange av dei ulike idrettane som friidretten byr på som mellom anna slegge, spyd, kule, lengde, hopp og springing. Det flotte med friidretten er at her noko som passar for alle, uansett føresetnader. I tillegg er miljøet veldig godt og vi har plass til fleire, seier Hjellen Haugland.

Andreas Vadstein tek sats i lengdegropa. Foto: Joachim Åsebø