Hendinga fann stad i Ørsta i november i fjor. Mannen forklarte at han hadde vore på besøk med eit familiemedlem og det hadde blitt drukke alkohol. Dagen etterpå vart han stoppa i Ørsta av politiet. Ifølgje rettsdokumenta viste utandingsprøve ein alkoholkonsentrasjon på 0,26 mg per liter luft.

I retten la mannen ned påstand om å bli frifunnen. Han stilte spørsmål ved måleresultatet og viste til at det første måleresultatet vart underkjent. Mannen bad på grunnlag av dette om ei blodprøve, noko han ikkje fekk.

Retten fann det bevist ut over ein kvar rimeleg og fornuftig tvil at mannen hadde køyrt med promille på det aktuelle tidspunktet. Retten fann heller ikkje nokon grunn til å tvile på måleresultata.

I Søre Sunnmøre tingrett vart mannen dømd til fengsel i seksten dagar. Fullbyrdinga av straffa vart utsett med ei prøvetid på to år. Vidare vart mannen dømd til å betale 96.000 kroner i bot og sakskostnader på 1.500 kroner. Han mistar og førarkortet i tolv månader.