Hovudredningssentralen meldte klokka 17:43 at eit redningshelikopter og alpin redningsgruppe var på veg til Dalegubben, ovanfor Sæbø.

I følge Sunnmørsposten hadde ei far og dotter gått seg fast i fjellet.

- Dei er ikkje skadde. Dei har rett og slett gått seg fast og kjem ingen veg, sa redningsleiaren ved HRS til Sunnmørsposten.

I 1830-tida vart dei to henta ut av redningshelikopteret.

Lokalkjende folk seier til Møre-Nytt at dei to vart henta ved Lynghalstind, som ligg i eit krevjande fjellparti aust for Dalegubben.

Det var god sikt og fint ver i fjellet i Hjørundfjorden tysdag kveld.