Det sa hovudtalar og tidlegare Volda-student Mah-Rukh Ali då Høgskulen i Volda hadde offisiell opning tysdag føremiddag. Av dei vel 4.000 studentane ved høgskulen hadde mange funne vegen sceneområdet utanfor Berte Kanutte-huset. Bård Aasen Lødemel og Runar Gudnason i Side Brok heldt minikonsert og fekk liv i publikum før det offisielle programmet tok til.

Runar Gudnason og Side Brok strålte om kapp med august-sola og fekk liv i publikum. Foto: Joachim Åsebø

Gode søkartal

Høgskulen i Volda har hatt svært god søking til sine studium i år. Det samla talet på søkjarar frå Samordna opptak som hadde Høgskulen i Volda som førsteval auka med nesten åtte prosent frå i fjor, og 1.367 hadde eit ønske om starte på ei utdanning i Volda i haust. Tre av dei som hadde Høgskulen i Volda på søkjarlista var Arnstein Madsen Stokke frå Ørsta, Mathias Terøy Finnes frå Ørsta og Sander Bjørkedal frå Bjørkedalen. Madsen Stokke starta på årsstudium i musikk, Terøy Finnes tek årsstudium i samfunnsvitskap og Sander Bjørkedal starta på sosionomutdanning. På spørsmål om kvifor dei ville byrje ved Høgskulen i Volda svarar dei ferske studentane slik:

Arnstein Madsen Stokke, Mathias Terøy Finnes og Sander Bjørkedal er nokre av dei nye studentane i Volda. Foto: Joachim Åsebø

– Fordi vi ikkje vil reise heimanfrå, seier dei tre med ein etterfølgjande latter.

Ingen av dei ser føre seg at det skal bli mange studieår i Volda, men dei gler seg til byrje på høgare utdanning.

– Inntrykket vi har er at her er eit veldig bra miljø. Noko meir enn det veit vi eigentleg ikkje, men resten skal vi finne ut av i dag, seier dei tre som innrømmer at dei hadde litt sommarfuglar i magen.

6. klasse ved Øyra skule fekk den største applausen frå publikum. Dei framførte Nordmannen saman med Side Brok. Foto: Joachim Åsebø

Over 4.000 studentar

Høgskulen i Volda har vore godt nøgde med at grunnskulelærarutdanningane opplevde ei kraftig auke i førsteprioritetssøkjarar i år. Søkjartala til medieutdanningane er og aukande og det har vore konkurranse om studieplassane på sosionom- og barnevernspedagogutdanningane.

Rektor Johann Roppen var i godt humør under opninga. Foto: Joachim Åsebø

I fjor var det for første gang over 4.000 studentar ved Høgskulen i Volda, men rektor Johann Roppen er klar på at det ikkje er eit mål i seg sjølv å auke talet på studentar.

– Vi ønsker å vere ein høgskule for heile regionen, og det er vårt mål at heile regionen skal kjenne Høgskulen i Volda som sin høgskule. Både på ein festdag som i dag og i det daglege arbeidet, sa Roppen.

Mah-Rukh Ali, som tidlegare har studert i Volda, var hovudtalar under opninga. Foto: Joachim Åsebø

– Bruk pennen de har godt

Hovudtalar Ali kom sjølv til Volda som 21-åring på ein kald og grå dag. Ho oppmoda studentane til dyrke sin lidenskap ved sida av studiane og bad dei om å tørre å gå sine eigne vegar.

– De som er her i dag står framfor nokre av dei mest spennande og minnerika åra i livet. Det vil bety livslange relasjonar, opplevingar. De står med heil blanke ark, bruk pennen som de har godt og lykke til.

Rundt tusen personar var samla til den offisielle opninga av studieåret ved Høgskulen i Volda. Foto: Joachim Åsebø