Her er eit lite redigert utdrag av debatten den siste veka, som mellom anna har gått på politiet sin verkemiddelbruk, og i kva former bilmiljøet skal få dyrke hobbyen sin.

«Jau då, kua har vore kalv og eg også hadde laksetrapp, pålimt spoiler og eit stereoanlegg som var dyrare enn bilen», skriv Kjetil Aarseth

«Men bråket i Ørsta i hine harde tider var avgrensa nokon få timar rundt midnatt natt til søndag og dels fredagskvelden før. Det som er tingen no er at dei siste åra har køyringa med høg musikk og rusing av motorar begynt å dekke stadig større delar av veka. Eg bur ikkje lenger i Ørsta, men har nærmast gitt opp å kome dit i helgar og feriar, fordi eg blir søvnlaus av heile greia. Bråket er eit helseproblem for tusenvis av menneske for at nokon titals bråkarar skal få dyrke «bilinteressa» si», skriv Aarseth.

Oddvar Andre Vatne reagerer på dette: « Eg må seie at du faktisk stigmatiserer folk som har bil som ein stor lidenskap. Hadde du berre visst kor mykje bråk som var før i tida. Du snakkar om at du både var rånar og at det berre var bråk et par timar. Ta heller ein diskusjon med dei handlingslamma politikarane i bygda som ikkje har gjort ein skit for å skaffe eit tilbod til dei motor interesserte her i bygda. Vi prøvde både på 1990-talet og 2000-talet både med å få til ei motorbane eller ei crossbane, men det var ingen interesse for å få til noko som helst.»

Roy Westre «Dei som ropar høgast no var sannsynlegvis sjølve ute og råna på Esso og i sentrum for 30 år sidan. Vi må ikkje gløyme det.»

Kjetil Myklebust: «Dette argumentet med at vi surmaga gamlingar ikkje huska korleis det var før er berre tøv. Dette er noko heilt anna, og dessutan at det må gå an å forstå at dette er ei plage for mange, laga av få. Dei som uttalar seg sterkast bur ikkje i sentrum og forstår ikkje kva det vil seie å bu i nede i sentrum. Og det er ikkje av og til, det er nesten døgnet rundt, året rundt.»

Hallbjørn Staurset: «Eg og sikkert mange med meg tek ganske ofte eit morgonfly frå Hovden, og eg vil svært gjerne ha ein kaptein og styrmann om bord som er utkvilte og i stand til å flyge dette flyet frå Hovden til Oslo eller Bergen. Det er ikkje haldbart at dei som fører desse morgonflya, ikkje skal få den søvnen dei treng, fordi at det er bilar som spelar høge musikk natta i gjennom.»