For mange år sidan skreiv eg ein song som heitte «Bertil i Frå Berknes» Det var ei skildring av ein ekte rånar som ikkje fekk det heilt slik han ville, men som hadde sjølvbildet sitt heilt i orden.

Vi køyrde rundt i Ørsta vi! Eg hadde ein grei far som lånte meg Volvo Amazonen når eg ville. Eg trudde eg var fan til kar og ein som sannsynlegvis var verda sin beste sjåfør. Eg var Bertil. Og slik skal det vere. Det som er å vere ungdom er å syne seg fram, vere høgst og endå vekse som menneske. Det er så utruleg kjekt å sjå at ungdom bryr seg, er lidenskapelege og har interesser! Dette er viktig!

Kyrre Grimstad. Foto: Rune Sæbønes

Eg syns at det skal køyrast. «Ej må stille mej opp ej må vise mej fram. Vere på topp å vise at ej kanj» ! Køyr, ver unge og lev det livet når de har det.

Utfordringa er at vi skal leve saman i Ørsta. Ein gammale «Bertil» skal sove, til og med i sentrum. Det er ei enkel utfordring her. Musikk er bra, men haldt det innanfor. Ikkje la bagasjeloket skrangle av feilplasserte basselement. Det høyrest aldeles dustete ut. Skal tusenvis av watt bli realiserte, ikkje gjer det i sentrum. Men høyr på den musikken du likar! Køyr jenter og gutar! Men Skru ned!

Det enkle er det beste. Ikkje plag. Ver ungdom!

Kyrre Grimstad. Foto: Rune Sæbønes