Formannskapsmedlem Gunnar Knutsen (V) kastar seg inn i debatten om sentrumsbråket.

Han er ikkje samd i kritikken av politiet, og at det vert reagert for strengt mot dei som køyrer med høg musikk i Ørsta sentrum.

– Folk skal halde seg til gjeldande lover og reglar. Og det er politiet sitt ansvar og plikt til å følgje opp, insisterer Knutsen.

På den andre sida er han tydeleg på at dei unge bilinteresserte og motorinteresserte må få eit anlegg dei kan boltre seg på, og kjenne seg heime i.

– Difor er dette to forskjellige saker. Og eg synest vi skal snakke om eit motorsportanlegg, ikkje berre ei flate der bilinteresserte kan møtest for å vise fram bilane sine, spele musikk og snakke bil. Då kan det lett berre verte eit nytt festlokale på fire hjul, seier Knutsen.

Han bur sjølv i sentrum, og opplever nattebråket.

– Natt til onsdag var det mopedane som støya, der dei køyrde rundt med vekslande turtal og rusing, fortel Knutsen.

Han meiner problema i Ørsta sentrum er meir komplekse enn berre nattebråk.

– Vi snakkar om ein generell trafikkstøy også grunna gjennomgangstrafikken på E39.

Knutsen minner om forslaget til sentrumsplan.

– Han seier at det skal kome fleire leilegheiter og bueiningar i sentrumsområdet. Ørsta sentrum skal verte ein stad der folk skal kunne arbeide og bu utan å verte sjenert av for mykje bråk, insisterer Knutsen.

– Men vi løyser ikkje noko berre ved tiltak mot nattebråket. Det må kome opp ei erstatning. Difor må kommunen engasjere seg å skaffe eit område for dei motorinteresserte. No har det siste åra vorte ytt ein stor innsats for dei som er idrettsinteresserte, og vi er snart i mål. Då er tida inne for å sjå mot dei motorinteresserte, men dei må også organisere seg, og verte ein samarbeidspartnar, seier Knutsen.

Støtte til politiet

Ein av bebuarane i sentrum har også kontakta Møre-Nytt for å støtte politiet.

– Eg er skuffa over dei som kritiserer politiet. Eg er redd dette vert oppfatta som at det no er fritt fram att. Det er neppe tilfeldig at det sist laurdag igjen vart bråk i sentrum, etter ein periode då det har vore betre. Etter at politiet byrja å ta bilkøyrar, vart det betre, og vi fekk håp om at det endeleg kan bli slutt på problema, seier ein sentrumsbuar, som vil vere anonym.