– Eg har fått fleire laksar i år, men berre to på Stad på fem turar. På den tida det var godt fiske, kunne eg få ti fiskar på ein tur. Det har gått nedover. Laksebestanden minkar stilt og roleg vekk, meiner den fiskefrelste pensjonisten.

I sin Saga 29 med ei rekkje fiskestenger på hekken, er han eit velkjent syn på Voldsfjorden, i Austefjorden og elles på Sunnmøre. Erik Ulvestad er ein av dei siste veteranane som aktivt er ute og fiskar middagsmat fleire gongar i veka.

Skuldar på lakselusa

No syns Ulvestad det vert lenger og lenger mellom kvar gong laks og sjøaure bit på krokane. Han har ein sterk mistanke om at lus og oppdrettsnæringa kan vere ei av årsakene til dette.

– Med laksen har det gått roleg nedover, men med auren byrja det plutseleg å gå nedover. Tidlegare hadde vi Sunnmøres beste aureelv på Kile. Der var så mykje aure at vi fylte plastnett etter plastnett med fisk. Så kom der eitt av dei første lakseanlegga på våre kantar. Auren forsvann då frå Voldsfjordssystemet før dei gode lakseåra i Ørsta kom. Eg meiner det var eit tydeleg bevis på at auren forsvann på grunn av oppdretten. Auren går her heile året, og vert angripen av lus, medan lakseyngelen stikk til havs og går klar lusebeltet. På grunn av laksemerdane, vert det produsert lus heile året. Før var lusa her berre den tida laksen kom inn og før han gjekk opp i elvane, seier Ulvestad.

Han presiserer at han ikkje er motstandar av næringa i seg sjølv:

– Eg er ikkje i mot lakseoppdrett, men det må gå føre seg innan rimelege grenser, i lukka anlegg. At det er behov og moglegheiter for å drive med oppdrett, er heilt sikkert. Men ein treng ikkje femdoble det, med mindre det skjer i landanlegg.

Slukar: Det gjeld å ha utstyret i orden når ein skal på fisketur.

Fem hundre timar på sjøen

Kvart år er Ulvestad minst fem hundre timar på sjøen. Trippteljaren i styrehuset på den femten år gamle båten har for lengst bikka 15.000 nautiske mil, noko som svarar til ei halv jordomsegling.

– Eg vart biten av fiskebasillen etter at eg som tjueåring var på fiske på Grønland. For 65 år sidan løyste eg mitt første fiskekort i Noreg, seier Ulvestad, med eit smil.

– Eg er glad i fisk, og eg er glad i å fiske. Hadde eg ikkje vorte sjøsjuk, hadde eg nok vorte yrkesfiskar.

På middagsbordet står det fisk fire gongar i veka. Og favoritten, det er laks.

– Få som dorgar

Ulvestad trur i alle fall ikkje det er hobbyfiskarane som har gjort innhogg i laksestamma. Før i tida minnest han at det var ein 10–15 voldingar som jamt var ute og dorga på Stad. I dag er han mest åleine i Volda-hamna om hobbyen.

– Omtrent alle kveldar eg har vore utpå i sommar, har det vore berre meg og ein båt til. Dei yngre har båtar, men dei dorgar ikkje.

Sjølv om ikkje han får så mykje laks lenger, er det andre fiskar å få. For tre veker sidan kom seien til Voldsfjorden.

Under intervjuet bit ein 3,5 kilos sei på kroken etter kort tid. Ikkje lenge etter, får seien selskap av ein til. Med juksamaskin, går fisket lett og effektivt. Det vert mykje middagsmat.

I fjor fekk han fem store kveiter på ei veke, i tillegg til ei mengd sei, lyr og torsk. Og ein og annan laks.

Båt: Ulvestad har ein trufast fiskebåt som han nyttar minst 500 timar kvart år. Den noverande båten har køyrt ein distanse tilsvarande ei halv jordomsegling på fjordane på Sunnmøre.

Overfiske

– Trur du det berre er lus som er årsak til at det har vorte færre laksar?

– Nei, det er nok ikkje berre det. For det er jo ikkje mat att i havet. Ute i havet og i øyane er det nesten ikkje ein fugl å sjå. Vi tømmer havet. Det første vi tømde, var silda. Sildefisket var enormt før krigen og ut over femtitalet. Det vart rekordfangst etter rekordfangst. Og då det vart slutt på silda, oppdaga storsnurparane lodda. Dei gjekk i rute frå Hammerfest til Haugesund og Stavanger. Så vart det slutt på den også. Då fekk anna kvar båt på kysten her konsesjon på å fiske skitfisk, og det er laksematen. Då har heller ikkje han noko å leve av lenger.

– Og så er vi nok for mange her på kloden. Vi forbrukar mykje meir enn havet greier å produsere.

Dorgar: Det står alltid minst eit par troder på hekken til båten. Kanskje bit det på ein laks eller to?