I politiet sin Twitter-rapport frå natt til søndag står det: "Ørsta:Førar av personbil vert meld for å køyre rundt med opne vindauge og svært høg musikk."

Tidlegare i vår og sommar har det vore stort fokus på nattebråk i Ørsta sentrum. I tillegg til børning, har sentrumbuarar peika på at det er plagsamt med bilar som køyrer rundt med høg musikk om natta.

Politiet har fleire gongar blitt oppmoda om å slå til mot dei som spelar svært høg musikk i bilane sine.

I juni vart ein ung mann stansa av politiet fordi han spelte svært høg musikk. Han har fått ei bot på 8.000 kroner.