Dei har teke turen frå Sandnes til Sunnmøre, Leif Knutsen, Katrine Boxill Knutsen, Tor Eivind Lima og Gro Moldekleiv. Det er fjella og naturen som lokkar. I Ørsta er dei fascinert over moglegheita til å gå rett frå sjøen og opp til ein fjelltopp.

– Men her er bratt, seier Tor Eivind Lima, og ristar litt laust på låra.

Det er på tide med ein kviledag. Då går turen til Runde og Ålesund, før planen er å returnere til Ørsta og campe ute i naturen til helga igjen, for teltet er med i bagasjen, sjølv om ei denne gongen valte litt betre standard, med hytte på Ørsta Camping.

At valet fall på Ørsta var kanskje meir tilfeldig. Gro Moldekleiv har ein son som har studert i Volda i to år. Flotte bilde på sosiale medium, og ein tur i haust for å besøke han, gav meirsmak. No er dei to veker på rundreise, utan andre planar enn å ta kvar dag som han kjem.

– Vi er jo van med mykje natur heime i Sandnes også. Vi har jo Lysefjorden og Preikestolen m.a. i vårt område, men her er det annleis på den måten at vi opplever at vi har naturen meir for oss sjølve. Vi møtte kanskje fem andre menneske på veg gjennom Romedalen og opp til Hallehornet, fortel dei.

– Vi møtte ingen i «klogger» eller lakksko. Det er jo det du risikerer når du står i kø saman med hundrevis av turistar som skal på Preikestolen. Der var litt meir folk som gjekk på Slogen, men det var turfolk som visste kva dei dreiv med, seier Moldekleiv.

Tek grep

Dagleg leiar ved Ørsta Camping, Vivian Ose Flø, har merka seg at stadig fleire av dei som sjekkar inn på campingen, har lyst opp i høgda for å nyte utsikta.

– Men det er ikkje berre å sende ein nederlendar opp i høgda og håpe på at det går bra. Ikkje at dei ikkje har vurderingsevne, men det er ikkje alle som er like fjellvande som det nordmenn er. Folk har vanskar for å finne råsene, dei kan feilberekne kor langt det er, og det er ikkje alltid dei har rette utstyret. Vi vil jo ta godt hand om besøket vårt, så difor jobbar vi no med å få på plass eit samarbeid med Sunnmørsguide AS ved Håvard Kårstad, slik at vi kan tilby fjellturar med guide.

Travel sommar: Mykje å gjere for dagleg leiar Vivian Ose Flø, men det er slik ho likar det. Ho tek sommar i september.

Og der nordmenn gjerne vel seg ut dei høgste toppane, er ikkje utanlandske fjellgåarar alltid like ambisiøse.

– Nei, dei vil berre litt opp i høgda slik at dei får sett utsikta og tatt nokre bilde. Eg hadde nokre nederlendarar her eit år som var heilt i hundre etter ein tur til Pølsa, så det treng ikkje vere så avansert. Men eg var litt redd den gongen for om dei skulle finne fram. Det eg tenkjer med å tilby guida turar er at dei skal kjenne seg trygge og godt varetekne. Ja, og tilbodet vil jo sjølvsagt vere for nordmenn også, om dei ønskjer det.

Lite laks

I ei av hyttene sit ekteparet Karl og Gisela Glúck. Karl er ivrig laksefiskar, og har vore fast gjest i Ørsta dei siste 35 åra.

– Men i år er det lite å få, seier han noko slukøyra. Det er lite vatn i elva og mange fiskar som står og ventar i fjorden.

Difor vert det heller turar i nærområdet saman med kona, medan Karl ventar på at sunnmørsvêret skal kome for fullt, så han får fiska litt.

– Men her er andre ting å gjere. Vi kosar oss her. Det er stor kontrast til storbylivet vi lever i Frankfurt.

Ørstavener: Klaus Glúck har vore fast besøkande i Ørsta dei siste 35 åra. Det er laksefisket som dreg han, men i år er det heller smått med fiske. Då tek han og kona Gisela heller turar rundt på Sunnmøre, med base på Ørsta Camping.

Sesongen har vore god i år, fortel Vivan Ose Flø.

– I mai hadde vi utruleg mange nordmenn her. Juni var ikkje like god som i fjor, men no i juli fyller det seg opp. Særleg med bubilar. August er det smekkfullt i hyttene, då er det nederlendarane som kjem på sine planlagde turar. Då er dei gjerne i Noreg i tre veker, og ligg her i 3–5 dagar på rundturen. Ofte kjem dei tilbake hit og fortel at Norangsdalen og området vårt her, har vore det beste på heile turen. Det er jo slikt vi likar å høyre!