Det tørre veret gjer at laksen ikkje går på elva, og dermed er det gode forhold for dorgarar i inste del av Ørstafjorden. Problemet er berre at det er ulovleg å dorge i ei fredingssone inst i fjorden. Ikkje alle har respektert forbodet, og det skal ha kome fleire tips til kontrolletatane  i sommar, utan at noko har skjedd.

Men i dag slo Kystvakta til. Ein båt vart stansa i det han dorga tett opp under land i Osebogen.

– Vi var i området for å sjekke eit tips om ulovleg garn, og då vart vi merksame på dorging innan for fredingssona, seier skipssjef Raymond Isehaug på KV "Njord".

Dorgaren vert no meldt til politiet. Etter det Møre-Nytt kjenner til er dette første gong kontrolletatane har tatt ein ulovleg dorgar i Ørstafjorden.

– Kva straff er i vente?

– Det er opp til påtalemakta å avgjere, men dersom det vert att på alvor ventar nok eit førelegg, seier skipssjefen på Kv "Njord".

Han stadfestar at det i sommar har kome mange tips om ulovleg dorging i Ørstafjorden.

–Vi får håpe at det har ei preventiv verknad at vi har vore der, seier Isehaug.

fredingssone: I Ørstafjorden går fredingssona for fiske etter laks og aure mellom Sætre og Rystelandet. Alt fiske etter laks og aure frå båt er forbode, også dorging, ifølgje nytt regelverk frå i fjor. Alle lakseførande vassdrag har fredingssoner.