– Slik kan vi berre ikkje ha det. Samfunnet kan ikkje stoppe opp fordi det er juli, sukkar Myklebust, dagleg leiar av Bil & Gummiservice i Hovdebygda.

Myklebust finn det totalt urimeleg at ei statleg teneste, som det trafikkstasjonen leverer, skal råke både næringslivet og folk flest.

– Når det gjeld kjøp og sal av bilar, og papirarbeid om dette, så kan dette no gjerast på nettet av alle. Og eg registrerer at vegvesenet oppmodar kundane om å nytte trafikkstasjonane sine digitale løysingar. Men det er ikkje alle tenester ein kan få utført via nettet. Dette gjeld oppkøyring og teoriprøver, og det gjeld vising av bilar t.d. i samband med ombygging frå varebil til personbil, seier Myklebust.

– Kva gjer du når du ikkje får vist bilar på trafikkstasjonen i Hovdebygda?

– Då må eg berre vente til dei opnar att, eller eg må ta med bilen til stasjonen i Ålesund, noko som sjølvsagt er ei langt meir tungvint løysing.

Færre tilsette gjer at Ørsta Trafikkstasjon har stengt tre veker i sommar, i vekene 28 til 30.

– På denne måten hopar det seg opp med saker når stasjonen igjen opnar. Og det i ein situasjon der det frå før er lang ventetid på trafikkstasjonen, med lange køar. Dette er normalen. Før i tida var det ikkje lange køar og lang ventetid for å få utført tenestene. Dei lange køane viser jo berre behovet for vegvesenet sine tenester på trafikkstasjonane, seier Myklebust.

Han fryktar ikkje ei nedlegging av trafikkstasjonen i Hovdebygda, som er lokalisert eit steinkast frå bilforhandlarane.

– Nei, dette handlar om feil prioritering av ressursar, meiner Hans Olav Myklebust.