Var åleine – utan tilgang til vatn

Traktoren brann opp

Gode råd var dyre då traktoren til Tormod Tranvåg tok fyr tysdag ettermiddag.

Utbrent: Det er ikkje mykje att av traktoren etter at han tok fyr på Melssætra tysdag ettermiddag. Til alt hell kom brannvernet seg opp vegen med tankbilen.  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

Tranvåg har hytte på Melssætra, og var i den samanheng oppe for å gjere dugnadsarbeid på den private grusvegen. Han hadde halde på i om lag ein halv time, då han såg at det kom røyk frå motoren til traktoren, som han kjøpte brukt for mindre enn ei veke sidan.