Det seier befal i Ørsta brann og redning, Guttorm Øye.

– Vi fekk opp bilen vår med femten kubikk vatn, på smale vegar. Det var heilt avgjerande for at dette gjekk bra, for det var full fyr i traktoren, og med dei væsker ein traktor har, som til dømes bremsevæske, så var det snakk om svært høg temperatur, seier Øye, som seier at det var stor fare for spreiing i terrenget, all den tid det er så tørt som det er no.

– Det vesle regnet som kom tysdag var ikkje til hjelp. Det er like tørt likevel. Då vi kom opp konsentrerte vi oss først om å sløkke brannen i terrenget, før vi tok traktoren til slutt. Det var viktig at brannen ikkje fekk spreie seg til hogstfeltet like ved. Det vart gjort ein kjempeinnsats av mannskapet, og eg er kry over at dei gjorde ein så god og rask jobb som dei gjorde. Det var full gass!

Øye minner om at det framleis er fare for brann i skog og mark, til trass for litt nedbør dei siste par dagane.

– Faren er minst like stor som han har vore. Nokre regnbyger hjelp lite på.

Han oppmodar folk om å framleis vere varsame med bruk av eld.

– Det verkar kanskje harmlaust og ufarleg å fyre opp ein grill, men det skal svært lite til før ting utartar seg, slik som forholda er no, seier han.

Ørsta brann- og redning har god beredskap i sommar, og har også moglegheit til å kalle ut ekstra mannskap om det skulle skje større hendingar.

– Vi har også godt samarbeid med Volda, om det trengst. Også dei har tankbil tilgjengeleg.

Men om det skulle ta fyr i fjellet, vert det vanskeleg. Det var brann i fjellsida på Mek i Volda tysdag grunna lynnedslag, men brannmanskap klarte å ta seg fram å sløkke brannen.

– Vi kryssar fingrane for at ting skal gå bra framover, og oppmodinga er også at folk er svært varsame med bruk av eld og grill.