– Kva er ein perfekt sommar for deg?

– Når vêret på det jamne er sol frå skyfri himmel uansett kvar ein er. Så kan det heller berre regne om nettene av og til. Det opnar seg utruleg mange fleire moglegheiter for kva ein kan gjere og kvar ein kan reise når vêret er bra. Det verkar i tillegg inn på humøret også. I alle fall mitt! Litt «catching up» er viktig, i form av å møte kameratar og familie ein elles kanskje ikkje ser mykje til elles i året.

– Kvar går ferieturen?

– Eg tek gjerne så mange småturar med bil eller til fots som tida tillèt – og då aller helst i lag med gutungen på fem år. Det er viktig for meg å ta med han på stadar der eg sjølv har gode ferieminne ifrå. Det vere seg fjøre, fjell, skog og mark, eller aktivisere han med små fisketurar eller badestrandaktivitetar. Sjølv har eg null tolmod til å ligge på ei strand åleine i timevis, men viss han er med, går det heilt flott. Då aktiviserer vi kvarandre og alt vert berre rein idyll same kvar ein er.

– Kva er ditt beste sommarminne?

– Det kan vere så mangt. Sommaren heime i Innselsetbygda i Dalsfjorden, gjerne under slåtten – for då kom alltid bestemor og bestefar til heimen vår. Det var magisk å kunne få oppleve all kjærleiken frå dei, og frå foreldra til meg og syskena. Vi fekk styre oss slik vi ville, og dei tok oss med på alt. Dei hadde og ei eiga evne til å lage leik ut av det meste. Viss dei prøvde å få oss til å hjelpe litt til med eitt eller anna arbeidsrelatert, så fekk vi langt på veg bestemme tempoet og måten vi skulle gjere ting på sjølv. Det var aldri tvang. På den måten vart det kjekt.

– Viss du skulle hatt ein annan jobb om sommaren, kva hadde det vore?

– Om sommaren skulle eg gjerne teke fri frå all form for jobbing eigentleg, men skal ein ha til salt i såret, så går jo ikkje det. Eg kunne tenke meg å jobbe ein sommar på plassar som har stor turisme. Ikkje campingplassar og slikt, men til eksempel Spiterstulen, Juvasshytta, Trollstigen og liknande stadar. Stadar der ein får den ekstreme naturen tredd nedover hovudet i all si prakt.

– Kva brukar du sommar- kvelden til?

– I og med at eg bur på ein gard, er det alltid noko å ta seg til. Då er det viktig å utnytte dei lyse kveldane til det maksimale. Inne i hus og heim er ein så mykje elles i året at om sommarkveldane vert tida nytta ute så mykje som mogleg.

Kva er det optimale førstesideoppslaget i Møre-Nytt?

– «Ørsta seier ja til invitasjonen om kommunesamanslåing med Volda, og som takk for innbydinga så betaler Ørsta kommune i si heilskap for det store, flotte og nye kulturhuset i Volda», haha.

– Kva er den beste sommarmaten?

– Eg likar å involvere gutungen når det er tid for mat. Det er viktig for meg å inkludere han på så mange felt som mogleg. Grillmat er heilt ok, men då vil eg helst ha andre til å lage den. Same kva ein et om sommaren, så smakar maten heilt klart best ute uansett.

– Kva gjer du når det høljar eller er sydentemperatur i Volda?

– Når det er strålande vêr, noko vi har fått urovekkande mykje av i år, så held eg meg ute heile tida, og går inn berre når eg skal sove omtrent. Alternativa er ufatteleg mange når godt vêr er til stades. Eg plar seie at regn er greitt, vind er greitt, men vind kombinert med regn er ubrukeleg i alle fasar. Viss det verkeleg høljar ned, syns eg det er litt kjekt. eg er glad i ekstremvêr på alle måtar, og går gjerne ut under ei «Dagmar» for å føle på kroppen kor lite ein har å stille opp med under slike omstende – men når det vert skader på byggmasse og andre ting, då er det ikkje kjekt lenger.