Tiltaket er i samsvar med vedteken reguleringsplan.

Ørsta kommune er snart ferdig med prosjektering av den nye vegen der det handlar om å fjerne det trafikkfarlege krysset der Indrehovdevegen kjem inn på Ytrehovdevegen.

Grunneigarar i området har i samband med bygginga vore på synfaring saman med kommunen. Der vart det orientert om at kommunen og vegvesenet ønskjer å stenge Indrehovdevegen ved innkøyringa på Ytrehovdevegen. Prosjektet har fått trafikktryggingsmidlar frå fylkeskommunen for utføring innan utgangen av 2018.

Undrande

Under synfaringa stilte fleire grunneigarar, ifølgje referat frå synfaringa, seg undrande til at kommunen ønskjer å bygge ny veg gjennom eit bustadområde der husa ligg tett inntil ny veg. Dette meinte grunneigarane vil vere trafikkfarleg. Svaret frå kommunen var at den nye vegen er i samsvar med reguleringsplanen, og at utgreiingane om at om det skal kome veg eller ikkje vart avgjort i samband med reguleringsarbeidet.

Lauritz Holsvik stilte spørsmål om det under trafikkregistrering i området var teke høgde for framtidig trafikkauke. Svaret frå kommunen var at det i Asplan Viak sine berekningar var lagt inn framtidig trafikkvekst fram til 2018.

Arne Otto Myklebust ønskjer ikkje at Indrehovdevegen vert fysisk stengt ved Ytrehovdevegen. Ifølgje referatet ønskjer Myklebust i staden at det vert skilta innkøyring forbode, der næraste grunneigarar kan nytte innkøyringa. Myklebust er eigar av ein næringseigedom i Indrehovdevegen og fryktar at fysisk stenging vil gi tap av kundar og omsetning, og kanskje vidareutvikling av eigedomen.

Redusert fartsgrense

Fleire av grunneigarane kom med innspel om at den nye vegen må vere skilta med 30 km/t sidan vegen skal gå gjennom bustadområde der husa ligg tett inntil vegen, og at vegen vil vere skuleveg til skulen og barnehagen i Hovdebygda. Det kom innspel om at denne fartsgrensa må gjelde frå Ytrehovdevegen i aust og til Ivar Aasen-tunet. Svaret frå kommunen var at det vil verte gjort ei vurdering av fartsgrensa, også omfanget.

Oddbjørn Flø, Bente Sørheim og Mandor Brekke hadde alle ønske om at prosjektert støyskjerm forbi eigedomane deira vart vurdert høgare enn prosjektert høgd på 1,2 meter for å hindre innsyn. Dette skal kommunen kome tilbake til.

Grete Hagen Myklebust ønskte at det vart sett opp støyskjerm mellom hennar eigedom og den nye vegen. Her er det ikkje planlagt støyskjerm. Dette skal kommunen kome tilbake til når dei veit kostnaden. Henriette Mo Berkvik har ein konstruksjon/sommarhus i området for den nye vegen som ho ikkje ønskjer vert flytta. Dette kunne ikkje kommunen sine folk love.

På synfaringa kom det også innspel om at kommunen bør stenge Indrehovdevegen for gjennomkøyring slik at det vert ein tilkomst frå vest ved Ivar Aasen-tunet og ein frå aust frå Ytrehovdevegen. Fleire av grunneigarane gav uttrykk for at ein har vorte lova at denne vegen aldri vart bygd. Svaret frå kommunen var at det var uheldig dersom slike lovnader er gjevne, men at ein må forvente at vegen kom så lenge den har lege i gjeldande reguleringsplan.