– Dette er eitt av høgdepunkta på festivalen, med stort fokus på familie, seier Siri Dahl frå Ørsta Reiselivslag.

Og dei bør vere om seg dei som ønskjer å få med seg arrangementet, for truleg er det siste gong for campen, som vart etablert på initiativ frå balansekunstnar Eskil Rønningsbakken.

Mange aktivitetar

– Rønningsbakken kjem også i år, og vil halde eit lite balanseshow på Hallehornet i samband med campen, men det er ikkje først og fremst difor han kjem. Han kjem for å lage kjekke aktivitetar for borna. Her vert det både testing av balanse på line, litt akrobatikkopplæring, fiske, kajakk, hest, matlaging og sosiale samlingar. Alle treng ikkje vere med på alt. Folk kan sjølv velje. Det viktigaste her er å vere saman og ha det sosialt, seier Dahl.

Ørsta Reiselivslag: I bresjen for Naturfestivalen (20. juli–5. august), Siri Dahl. Foto: Janne-Marit Myklebust

Ho oppmodar alle med ein liten campar i magen om å møte opp.

–Dette er eit lågterskeltilbod. Eg har inntrykk av at svært mange har telt, men at ikkje alle er like flinke til å finne det fram. Dette kan vere ein pangstart på teltlivet. Her får dei telte ute i naturen, men med sanitæranlegg i trygg nærleik. Så her kan alle vere med.

Det er også ope for dei som ønskjer å tilbringe dagen der, utan overnatting.

Samarbeid

Det er eit rikhaldig program som er sett saman til Naturfestivalen, med stor variasjon av fjellturar, i regi av Fjellførarane ved Silje Midtaune og Martin Hauge-Nilsen.

– Vi byr på mange godbitar, forsikrar Dahl.

Naturfestivalen samarbeider også med m.a. Sommarljom-festivalen, som held fleire konsertar, og også med Ivar Aasen-tunet, som har mykje på programmet for familiar i sommar.

– Det er ei stor breidde i det som skjer i Ørsta om sommaren.

Naturfestivalen byd også på sykkeltur og vandring med fotokurs. Det vert også turdag til Raudøyholmen.

Fellesarena

Naturfestivalen vert arrangert for 16. gong i år.

– Eg vert aldri lei. Det er så mykje positivitet og kjekke folk, og tilbakemeldingane vi får er at folk kosar seg. Og det er det viktigaste i dette, seier Dahl.

– Dette vert ein fellesarena både for fastbuande og for tilreisande.

Saudehornet rett opp

Det andre høgdepunktet, som Siri Dahl seier, er tradisjonsrike Saudehornet rett opp, som går av stabelen 4. august. Løpet er i år ein del av Norgescupen, og Dahl ventar at mange kjende motbakkeløparar vil ta turen til Ørsta for å springe frå fjøre til toppen, 1.303 moh.

– Og no har vi brukt opp kvoten vår på dårleg vêr under dette løpet, så i år går vi for sol, seier ho, med fjoråret friskt i minne.

– Det har aldri vore våtare i fjellet enn det var denne dagen.

Og barneløp til Skåla vert det også i år.

– Ungar er ofte meir standhaftige enn vaksne, så i barneløpet har det alltid vore god oppslutnad, uansett vêr, og det håper vi på også i år – i sola.