Fredag ettermiddag vart det oppdaga at det er gjort skadeverk på Lystad skule.

Fleire vindauge er knuste, og der ligg store mengder glasbrot på bakken.

Der ligg også store steinar som truleg er brukt til å knuse vindauga med.

Politiet melder på Twitter at dei vil opprette sak på hendinga.