Reduserte avlingar og markar som tørkar inn over heile landet har ført til krisestemning i landbruket. I Ørsta og Volda vert grunneigarar som har mark som ligg brakk oppmoda om å hjelpe gardbrukarar i naud.

– Vi har fått ein del bekymringsmeldingar frå folk som har nær halverte avlingar fleire plassar i Ørsta og Volda, seier fagarbeidar Jan Ståle Engjaberg på landbrukskontoret.

Dårleg vêrvarsel for bøndene

Med eit langtidsvarsel som lovar opphaldsvêr så langt meteorologane torer spå, ser ikkje situasjonen ut til å betre seg med det første.

Ifølgje Dagbladet torsdag, må ein heilt attende til 1947 – altså 71 år – for å finne eit like tørt år på landsbasis.

– By fram areala

For å hjelpe gardbrukarar i naud, vil Engjaberg dra i gang ein aldri så liten dugnad lokalt.

– Ein må sterkt oppmode dei som ikkje driv så intenst, om å bidra litt og by fram areala som ei hjelp. Ein del beitepussar areal. Slikt areal kunne vore teke i bruk i slike tider, seier Engjaberg.

– Er det mykje som ligg ubrukt?

– Det er ein del. Vi ser det er areal som ikkje er i drift, som kunne vore drive. Men det meste som er ubrukt, er ofte dårleg arrondert. I alle fall i Volda er det mykje bratt lende.

For å gjere det enklast råd, oppmodar Engjaberg dei som har areal til disposisjon til sjølv å ta kontakt med grannar som dei veit er i beit for fôr i sommar.

Lokale skilnader

At det er så langvarig tørke, er ein ny situasjon i Ørsta/Volda i nyare tid. Engjaberg set sin lit til at det framleis kan kome ein del nedbør som bergar avlingane.

– Vi får håpe dei får ein god andreslått som kan rette opp. Mange var tidleg ute med å slå i år, for det var tørt og godt vêr, seier han. Kanskje vert det ein tredjeslått også.

Trass i katastrofale haustingar, ned i halvering i høve normalår, går det relativt bra nokre andre plassar i kommunane.

– Eg har prata med folk i fleire bygdelag. Det skil seg mykje. Ein del av årsaka er ulikt jordsmonn. Nokre er nøgde og har hatt ei normal hausting. Det kan likevel verte litt færre rundballar, for det finst ikkje vete i dei. Ein haustar ikkje vatn i år.