– 18 mangla arbeidskontrakt, 14 fekk ikkje pausar, og 14 fekk ikkje overtidsbetalt.

Slik summerer Lo sin Sommarpatrulje opp sommaren.

Sommarpatruljen til LO har reist i sju dagar rundt i Møre og Romsdal i løpet av tre veker, og har intervjua 351 unge tilsette om arbeidsforholda deira. Mangel på verneombod eller info til tilsette om kven som er valt som verneombod, er gjengangaren under årets patrulje, i heile landet.

– Denne gangen har vi heldigvis møtt lite brot på lovverket som går direkte på arbeidstakaren. Men noko var det, seier Kent Logan Jelle, fagleg ungdomssekretær i LO, i ei pressemelding.

– 18 personar mangla arbeidskontrakt, 14 fekk ikkje pausar, og 14 personar fekk ikkje overtidsbetalt.

– Men det gler oss at arbeidsforholda til dei fleste unge arbeidarane er gode. Det er tydeleg at LO si Sommarpatrulje har gjort ein forskjell på dei 33 åra vi har vore på vegane.

Sommarpatruljen er likevel misnøgde med at dei fann brot på reglane om verneombod i 159 av bedriftene dei besøkte. 68 av bedriftene hadde heller ikkje informert den tilsette om kvifor det var kameraovervaking.

– Vi har hittil fått nokre tilbakemeldingar om at tilsette opplever at det er låg terskel for arbeidsgivar for å gå inn på opptaka ved kameraovervaking for å sjekke diverse ting. Spesielt kameraovervaking på pauserom og i garderobe har vorte misbrukt av arbeidsgjevar til andre føremål enn det kamera er sett opp til. Dette er ikkje lov og bryt med dei tilsette sitt personvern. Totalt har vi avdekt 42 prosent brot på lovverket. Alvorlege hendingar som ikkje vart løyst på staden, vil verte teke opp med arbeidstilsynet og datatilsynet, seier Jelle.

På eit par arbeidsplassar vart tilsette køyrde veldig hardt, utan pausar, og med stygg kommunikasjon frå leiinga til tilsette.

– Dette vil øydelegge arbeidsmiljøet, og er absolutt ikkje eit sjakktrekk om bedrifta ønskjer å halde sine tilsette friske på arbeid. Desse arbeidsforholda er så graverande at arbeidstilsynet vil få ein rapport om hendingane.

Den største gladmeldinga kom frå Smøla kommune. Her var det ingen som mangla arbeidskontrakt.

– Dette er fantastisk!

Sommarpatruljen er no ferdige med sine tre veker på reise, men Sommarpatruljetelefonen er open i fire veker til, opplyser Jelle i pressemeldinga.