Tussa starta å bygge ut fiberfelt i 2009. Ni år seinare er framleis god framdrift i fiberutbygginga på Søre Sunnmøre.

– Vi har eit apparat som bygger ut fiber, og vi har halde på i ein del år. Den utbyggingsfarta som vi har hatt tenkjer vi å halde i dei tre neste åra. Det er så langt som vi tenkjer no. Hovudfokuset i utbygginga blir meir og meir ein dugnadsmodell, seier administrerande direktør Ivar Driveklepp i Tussa IKT.

Gjennom dugnadsmodellen er Tussa avhengig av at lokalbefolkninga spelar på lag og bidreg inn i arbeidet.

– I ein del av områda som framleis ikkje er bygt ut er det utfordrande å forsvare ei utbygging økonomisk. Difor har vi lansert dugnadsmodellen. Her kan kundane sjølve vere med på å gjere ein jobb. Det kan vere å grave grøfter, legge ned rør eller hjelpe til med salet. Eigeninnsatsen som vert lagt ned av kundane gjer at utbygginga vert forsvarleg.

Modellen har blitt nytta i nokre småfelt før den vart nytta i fiberutbygginga i Bondalen.

– Dette er noko det kjem til å bli mykje meir av i åra framover, seier Driveklepp.

Erfaringane frå dugnadsmodellen så langt er positive ifølgje Driveklepp.

– I Bondalen har dei mykje maskiner og er vande med dugnadsarbeid. På plassar med spreidd busetnad fiksa dei slike ting og ser positivt på det. Det er ein felles innsats for bygda. I ei slik utbygging er det gjerne nokre ambassadørar og eldsjeler som brenn for å få det til. Desse spelar vi på lag med. Vi har ein god dialog for å finne ut korleis vi skal bygge ut, og dermed har vi størst mogleg sjanse

for suksess.

Dugnadsmodellen vil bli brukt andre stadar i Volda og Ørsta kommunar i tida framover.

– Vi er i dialog med ulike grendelag og andre interessentar. Løpet for utbygging er lagt ut året, men vi diskuterer kva som skal gjerast i 2019 og 2020. Vi har løpande dialog der det er aktuelt med utbygging, og vi kjem til å ha nye diskusjonar.

Interessa for fiber er framleis stor både i Volda og Ørsta.

– Det er heilt klart slik. Som med anna infrastruktur er fiber nødvendig for folk, og for mange er svært viktig å ha dei tilboda som alle andre har.

Fiber: Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT. Foto: Pressefoto