Etter eit tre år langt utanlandsopphald i Sør-Korea med familien var ikkje jobbmarkanden den beste då Ingunn Aklestad Brautaset kom tilbake til Ørsta kommune og Barstadvik. Frå ein kjenning fekk ho tips om å prøve seg som vikar i ein barnehage.

– Eg hadde aldri gjort noko slikt før. Min bakgrunn var bank og kundeservice gjennom mange år. Min aller første jobb var som dagmamma, men eg tenkte aldri på at dette var eit felt eg skulle jobbe innan. Eg oppdaga manglar knytt til vikarane og tenkte at det må gå an å gjere dette betre. Det er mykje gule lappar og papir i barnehagane i dag, og ofte frustrasjon knytt til ressursbruk.

Starta i 2017

Ho byrja å tenke tanken om å etablere sitt eige firma. I mai 2017 vart domenet Din Barnehagevikar AS registrert. Då starta og arbeidet med å bygge opp ein database med vikarar med eit skybasert styringssystem, og tilby personell til private og kommune barnehagar/SFO. Det er fleire som har god tru på ideen til Brautaset, og selskapet har fått tildelt næringsmidlar. I mars i år vart gründerbedrifta teke opp som inkubatorbedrift ved Ålesund Kunnskapspark. Der har ho og kontor som ein av fleire gründerar med inkubatoravtale. Den første avtalen med ein barnehage i Ørsta vart signert i førre veke, og frå før er fleire kundar frå Ålesund og området rundt med.

– Eg unngår bevisst å omtale verksemda mi som vikarbyrå. Eg ønsker å ta opp kampen med dei store selskapa som Adecco og Manpower. Ein vikar skal ikkje berre vere ein vikar, men det er og ein svært viktig person for verksemda dei kjem inn i. Eg ønsker å bidra til kompetanseheving gjennom rettleiing og føredrag, både for vikarane og dei som er tilsette i barnehagane. Vikarane vil og få tilbod om fleire faglege og sosiale samlingar. Med den første avtalen på plass i Ørsta ser eg med positivitet mot hausten.

– Alltid behov for vikarar

I første omgang ser gründeren for seg å bygge opp ein bank på rundt ti vikarar i verksemda. Ho vonar at ho klarer å knytte til seg barnehagelærarar og barne- og ungdomsarbeidarar.

– Det vil alltid vere behov for vikarar og alle ønsker sjølvsagt dei mest kompetente medarbeidarane. Utfordringa er at dei fleste ikkje har evne eller ønske om å betale for dette. Difor må det ei haldningsendring til. Eg brenn skikkeleg for dette prosjektet og eg ønsker å løfte haldningane rundt vikarar litt opp. Eg vonar at både ørstingane og voldingane vil vere med på dette.

I tillegg til bemanning satsar Brautaset på timebasert rekruttering. Dette kan vere til dømes til kommunale barnehagar som ønsker å vere arbeidsgjevar sjølve.

– Kor er nedslagsfeltet for Din Barnehagevikar?

– I første omgang er det Sunnmøre. Seinare vil det vere heile Møre og Romsdal. Så får vi sjå om eg får med meg fleire på laget, og om vi ekspanderer. Eg ønsker å utfordre dei store som kanskje ikkje tenker så mykje på personen før han eller ho får prøve seg i ein ny jobb.

Brautaset er i dialog med selskapet til Håvard Ringstad, Aido AS, om den teknologiske utviklinga vidare. Gründeren vil jobbe hardt for å Din Barnehagevikar skal utvikle seg i riktig retning.

– Eg gler meg til det som skal skje. Det har vore mykje tøft arbeid til no, men dette er noko eg vil få til.