Startar trinn to på skredvollen på Vallabøen

Høg voll: Eit stort skogområde er reinska for tre og busker på Vallabøen. I kanten ned mot byggefeltet er trea stabla opp. – Dei gir eit ganske godt bilde på kor høg sikringsvollen vil verte, seier avdelingsleiar kommunalteknikk i Ørsta kommune, Ulf Kristian Rognstad.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Det har blitt gitt igangsetjingsløyve for trinn to av tiltaket knytt til skredvoll på Vallabøen. Det har tidlegare blitt gitt igangsetjingsløyve som omfattar grunnarbeid og klargjering for skredvoll.


No startar bygginga av skredsikringa på Vallabøen

Eit stort skogområde på Vallabøen er rydda for tre og busker. No er det meste klart til bygging av skredsikring.

 

 Trinn to av tiltaket omfattar opparbeiding av skredvollen. Dette arbeidet er det K A Austad som skal gjere. Tiltakshavar er Ørsta kommune.