– Eg har aldri opplevd noko liknande. Førsteslåtten vart kring femti prosent av normalt, og no vil truleg også andreslåtten verte totalt svidd, seier Knut Riise i Bondalen.

Medan andre har kosa seg i den uvanleg solrike sommaren, har gardbrukarane fortvila. Eit nærast totalt fråvær av regn, har teke knekken på avlingane.

– Det er eit uår. Det er som om graset ikkje vil vekse til andreslåtten. Det står heilt i stampe no, seier Riise, som har loggført alle avlingane sidan 1975. Årets avlingar tyder på ein dyster rekord.

– Då eg var gutunge, snakka dei om at det var slik i 1933 og 1935. Det var også liknande tørkeskadar på førsteslåtten i 1992. Men då vart andreslåtten kjempegod. I år kan andreslåtten verte dårlegare enn førsteslåtten, fryktar han.

Akutt behov for nedbør

Knut Riise trur det må kome minst 100 mm nedbør i tida framover, om ein skal ha ein sjanse til å få noko brukbart av andreslåtten. Men det ser dårleg ut. Etter den korte regnbya søndag, viser vêrmeldingane berre opphaldsvêr i tida framover.

Sjølve gjødslinga, gjekk likevel som planlagt i år.

– Det var full klaff. Dagen etter vi var ferdige å presse, kom det regn. Vi køyrde då ut alt husdyrgjødselet. Vi fekk regn på det, og vi fekk regn på kunstgjødselet. Men det er akkurat som om graset ikkje vil likevel, seier Riise.

Må i verste fall redusere

Konsekvensen av skrale avlingar, kan føre til at buskapen må reduserast.

Magne Riise, som driv familiegarden i dag, seier det vert siste løysing på fôrproblematikken.

– Eg vil i det lengste unngå å redusere buskapen, men det kan fort verte ein konsekvens. Eg veit Nortura har slakta tusen fleire dyr enn normalt no, på grunn av fôrmangel. Vi har gått over på eit nytt kraftfôr for å dempe bruken av grovfôr, seier han.

Med minst like dårlege avlingar på Austlandet, og med for mykje regn i Nord-Noreg, er det mange gardbrukarar som prøver å skaffe seg ekstra fôr om dagen.

– Det er kamp om rundballane, seier Magne Riise.

Fôrmangel: Magne Riise håper i det lengste å unngå å sende deler av buskapen til slaktaren grunna fôrmangel.

Knut Riise seier dei var heldige og skaffa seg ein «naudrasjon» gjennom gode kontaktar.

– Det er ikkje råd å kjøpe fôr no. Eg har fått tak i to trailerar med høy, men det var berre flaks, for det er enno verre austanfor. Vi har også kraftfôr. Det var verre i gamle dagar, då dei ikkje hadde det.