Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Dette gjer Ørsta til den største handelskommunen på Søre Sunnmøre, skriv Vestlandsnytt.

Detaljhandelsbedriftene på Søre Sunnmøre omsette for 4.121 millionar kroner i fjor, noko som er 118 millionar kroner meir enn året før.

Motorvogntenester er ikkje med i desse tala.

Men sjølv om Ørsta er størst, er det Volda som har hatt den største auken, med 60 millionar meir i omsetning enn året før.

Ulstein og Sande var dei einaste kommunane som fekk ein nedgang i detaljeomsetninga frå 2016 til 2017.

Vestlandsnytt har lista opp korleis totalomsetninga på 4.121 millionar kroner fordelte seg på dei dei sju kommunane på Søre i 2017:

* Ørsta 1.010 (+35)

* Volda 925 (+60)

* Ulstein 912 (- 8)

* Herøy 727 (+28)

* Hareid 234 (+5)

* Vanylven 232 (+13)

* Sande 78 (-4)

Omsetningstala for butikkhandel med breitt vareutval, som hovudsakleg er nærings- og nytingsmidlar, omsette Ørsta-butikkane for 426 millionar kroner i fjor, etterfølgt av Volda (392), Ulstein (333), Herøy (332), Hareid (150), Vanylven (110) og Sande (78).

Men det er Ulstein som er størst på klede. Til trass for ein nedgang frå året før, selde Ulstein-butikkane klede for 68 millionar kroner, noko som er vel 11 millionar kroner meir enn Ørsta-butikkane. Herøy ligg som nummer tre med 30 millionar kroner, og Volda står med 18 millionar kroner i omsetning på klede.

Størst også på bil

Motorvognhandelen i Ørsta kom opp i 355 millionar kroner i fjor, medrekna reparasjonar og sal av utstyr. Tilsvarande for Volda var 132 millionar kroner, medan motorvognhandelen i Ulstein landa på i underkant av 120 millionar, skriv Vestlandsnytt.

I dei andre kommunane var omsetninga på motorvogner slik: Herøy 48 mill., Hareid 41 mill., Sande 37 mill. og Vanylven 12. mill kroner.