Onsdag vart det kjent at Ulstein Verft har inngått kontrakt om å bygge eit stort kabelleggingsfartøy for Nexans.

– Med dei kontraktane vi allereie har, betyr dette av vi har arbeid i tre år framover, seier administrerande direktør ved Ulstein Verft, Kristian Sætre.

Han kan ikkje love full sysselsetjing dei neste tre åra, men med den ordrereserven som Ulstein Verft no har, meiner han likevel at dei tilsette kan senke skuldrene og ikkje vere redde for jobbane sine.

Ulstein er i ferd med å ferdigstille ein luksusyacht som skal leverast i løpet av sommaren. Når det forlèt verftet vert det eit lite opphald fram til oktober/november då skroget til ferja Color Hybrid etter planen kjem til Ulsteinvik.

Utvidar arbeidsstokken

Verftet er allereie i full sving med å utvida arbeidsstokken.

– Det er stor interesse for å jobbe ved Ulstein, både frå tidlegare tilsette og nye arbeidstakarar, seier Sætre. I tillegg til nytilsetjingane vil verftet nytte seg av innleigd arbeidskraft

Det har gått to år sidan Ulstein Verft melde si interesse for å bygge fartøyet og til dei no endeleg kunne signere kontrakten med Nexans.

– Det var ikkje omsynet til prisen som var utslagsgjevande, men ei totalvurdering av kva vi kan tilby, seier salssjef Rolf Petter Almli som har vore med på å arbeide fram kontrakten.

Til Ulsteinvik i april 2020

Han fortel at skroget til den nye kabelleggaren skal byggast i Polen med planlagt oppstart første kvartal neste år. I april 2020 kjem båten til Ulsteinvik der han vert liggande i rundt eitt år for utrusting. Båten skal vere ferdig andre kvartal i 2021.

– Kontrakten med Nexans vil gi positive ringverknader både lokalt, regionalt og nasjonalt, seier Almli.

Det er solide dimensjonar det er snakk om på det som vert eit av verdas aller største kabelleggingsfartøy. Skipet er 149,9 meter langt og 31 meter breitt.

– Fartøyet skal utstyrast med kabelleggingsutstyr der stålvekta åleine er slike stor som på eit plattformforsyningsskip, seier Rolf Petter Almli.

Han fortel elles at fartøyet er tilpassa innseglingsleia til Halden der Nexans har ein av fabrikkane sine. Leia går mellom anna under Svinesundsbrua.

Det er designselskapet Skipsteknisk i Ålesund som har teikna fartøyet.

– Vi er glad for å kunne samarbeide med Skipsteknisk. Dei er også sunnmøringar, så vi forstår kvarandre og har den samme kulturbakgrunnen, seier Kristian Sætre.