Promillekøyring og feststøy

Nyheiter

Politiet heldt promillekontroll på Krøvelseidet laurdag føremiddag.

Tre personar vart kontrollerte. Ein person vart teken med lågpromille, melder politiet på Twitter.

Feststøy

Laurdag kveld/natt fekk politiet melding om feststøy i Ørsta.

Støyen heldt naboane vakne. Festdeltakarane vart oppsøkt, og fekk pålegg om å dempe seg.