Mannen var tiltalt for å ha henta 200 gram amfetamin på ei adresse i Volda og leverte delar av dette til ein annan person. Dette lovbrotet skal ha skjedd i 2016. Den same natta vart han stoppa av politiet som fann 55 gram amfetamin og fleire hundre tablettar med ritalin i bilen til mannen.

Mannen var og tiltalt for å ha brukt ein bil som ikkje var lovleg registrert og for å ha køyrt utan gyldig førarkort. Ifølgje tiltalen brukte mannen narkotika ved fleire høve og var tiltalt for oppbevaring av narkotika.

Før retten tok stilling til formildande omstende i saka meinte dei at samla passande straff ville vere eitt år og seks månader i fengsel. Mannen tilstod forholda i Søre Sunnmøre tingrett, i tillegg til at det grovaste lovbrotet var om lag to år gammalt. Etter ei totalvurdering kom retten fram til at passande straff var eitt år og to månader i fengsel.

Fullbyrdinga av straffa blir utsett med ei prøvetid på to år. To dagar i varetekt kjem til frådrag. Det vart ikkje idømt sakskostnader.