Medan Volda-ordførar Jørgen Amdam (Ap) og staben hans så smått har byrja å bu seg på å ta imot ein stor flokk innbyggjarar frå Bjørke og bygdene ikring, er det andre ting på agendaen hjå ordførar Stein Aam (Sp) og Co i Ørsta. Aam har spelt mange fotballkampar. Politisk spelte Aam sin viktigaste kamp nokon gong når det handla om å unngå at Bjørke hamna i nye Volda. Aam seier han har gjort alt han kunne for å unngå dette, og at han har stått på dag og natt. Men så skjedde det. Det vart tap. Og det sveid skikkeleg. Nokre dagar etter meldinga frå kommunalstatsråden kom, har Aam rista av seg tapet.

Aksepterer

– Korrekt, og er langt ifrå sur. Eg aksepterer avgjerda, og skal svelgje ho. Eg har lært meg å tape og vinne. Men eg må også seie at eg synest grensejusteringa var unødvendig. Det er den kjensla eg sit att med. Avgjerda er endeleg, og saka kan ikkje ankast, konstaterer Ørsta-ordføraren.

Hadde Ørsta kommune fått meir tid på seg, slik dei bad om, meiner Aam ein kunne ha unngått splittinga av Ørsta. Aam trur framtida kan liggje i langt større kommunar, same kor mykje ein er imot dette. Aam viser til signal frå regjeringa, der det vert lagt opp til større kommuneeiningar, også større enn Ørsta og Volda, inkludert Bjørke.

– Framover må vi satse endå meir på tett samarbeid med kommunane rundt oss. Og på sikt kan det hende Søre Sunnmøre vert ein region, vurderer Aam.

Det mest uheldige med grensejusteringa synest han er delinga av Hjørundfjorden.

– I samarbeid med andre har Ørsta kommune fått til ei skikkeleg satsing i Hjørundfjorden. Og så vert fjorden kløyvd. Dette er det verste med heile saka. Og då ser eg vekk ifrå alle pengane vi taper. Volda er ikkje ein gong medlem av Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, og satsinga på reiseliv i Volda har vore fråverande.

– Kva vert konsekvensen av delinga av Hjørundfjorden?

Stoppar opp

– No stoppar ein heil del opp, og frå Ørsta si side vil det verte stopp i ein del investeringar. Dette er veldig uheldig, ja, det er verkeleg synd, meiner Aam.

Han svarar profesjonelt «ingen kommentar» når vi spør om samarbeidsklimaet mellom Ørsta og Volda no vert dårlegare, slik han sjølv og resten av Ørsta formannskap, bortsett frå Høgre, har signalisert i brev til departementet.

Men det ligg vel i korta at slik vert det. Ørsta kjem ikkje til å gi noko ved døra når alle oppgjera skal kome, og slaget om millioninntektene frå Tussa skal stå.

I 2016 fekk Ørsta kommune åtte millionar kroner ekstra grunna Bjørke. Tyssevatnet er ei mjølkeku for Ørsta kommune, og leverer årleg millioninntekter gjennom eigedomsskatt, konsesjonsavgift, sal av konsesjonskraft og utbyte gjennom Tussa kraft AS. Årsaka er Tussa Kraft AS sine anlegg i Bjørke-området.

I 2016 fekk Ørsta kommune tilført 1,2 millionar kroner i eigedomsskatt frå Tussa sine kraftanlegg i Bjørke-området. Vidare vart det betalt 1,3 millionar kroner i konsesjonsavgift frå Tussa si side til Ørsta kommune. Og som vertskommune, har Ørsta kommune krav på å få tilført såkalla konsesjonskraft frå Tussa. Frå Bjørke-anlegga utgjorde dette ein verdi på 5,3 millionar kroner. Altså er det samla snakk om 7,8 millionar kroner i ekstra inntekt til Ørsta kommune fordi Tussa har kraftverk i Bjørke-området. Inntektene frå sal av konsesjonskraft er avhengige av kraftprisen i marknaden. Situasjonen no: Kraftprisen er dobla på eit år.

Det som ikkje har vore snakka så mykje om er at kring 1/3 av nedslagsfeltet til kraftstasjonen på Bjørke ligg i dagens Hornindal kommune. Og ifølgje opplysningar Møre-Nytt sit inne med er det blant fleire grunneigarar i Hornindal sterk misnøye med at dette på nokon måte ikkje viser att økonomisk. Slik har det vore lenge. Og det i ein situasjon der kring 40 prosent av vatnet til kraftstasjonen må transporterast gjennom Hornindal for å kome til turbinane. Ein ting er nok sikkert: Kampen om Tussa-pengane vert alt anna enn plankekøyring.

Då vil det nok gå rolegare føre seg når Ørsta vil krevje kompensasjon etter inndelingslova for eingongskostnader direkte knytt til grensejusteringa, og at staten i ein overgangsperiode må gi kompensasjon for bortfall av rammetilskot.

Parallelle prosessar

I Volda fortel ordførar Jørgen Amdam at dei no skal jobbe med to parallelle prosessar i samband med grensejusteringa.

– Den eine handlar om å legge til rette for tenesteproduksjon for Bjørke-folket frå 2020. Dette handlar om barnehage, skule og heimebaserte tenester.

Den andre prosessen handlar om ein gjennomgang med Ørsta om eigedomar som nye Volda skal ta over. Og så spørst det kva Ørsta vil kvitte seg med. Vi skal også ta føre oss det økonomiske oppgjeret med Ørsta. Her må det forhandlast og bereknast, fortel Amdam.

Vert det usemje i forhandlingane, kjem fylkesmannen på banen. Løyser ikkje saka seg hos han, går saka til departementet som har eiga valdgiftsnemnd for slike saker. Altså at saka vert løyst utanfor rettssystemet.

– Korleis trur du forhandlingane med Ørsta vil gå?

– Vil roe seg

– Eg trur ting kjem til å roe seg. Vi skal jo framleis ha samarbeid med Ørsta i mange saker viss Ørsta då ikkje vil byrje å samarbeide med andre. Men sentrumsområda i Ørsta og Volda er så integrerte i kvarandre at det ikkje berre er å seie nei til samarbeid, vurderer Volda-ordføraren.

Han gjer det klart at han vil at Ørsta framleis skal ha base for felles landbrukskontor, og at det må tilførast fleire ressursar til kontoret når Hornindal vert med.

– Vi ønskjer også vidare samarbeid om Nav-kontor der vi ser føre oss ein kontordag også i Hornindal. Vi er innstilte på å dekke kostnader i høve dette, fortel Amdam.

Han har i tjue år ivra for ei samanslåing av Ørsta og Volda. Men folket sa nei.

– Grensejusteringa er ein konsekvens av dette. Og justeringa er logisk ut ifrå at fjordane ikkje lenger er naturlege samferdselsårer.

– Kan det bli aktuelt med ny prosess for å slå saman Ørsta og Volda?

– I så fall må dette skje tidlegast i 2023/24. Arbeidet med å innlemme Hornindal i nye Volda krev mykje, og ein rask prosess med å få med Ørsta vil vere vanskeleg. Og før vi byrjar å snakke om Ørsta og Volda att må vi vere sikre på at dette kan verte noko av. Eg er ikkje overtydd om det er rett å gå inn i ein ny, slitande prosess. Vi har hadde ein sjanse, og den miste vi. Det er også slik at nye Ålesund storkommune vil legge eit sterkt press på oss både politisk og når det gjeld plassering av makt. Då må vi ha ei stor eining å svare med. Og då må vi på søre samarbeide og jobbe svært tett – eller snakke samanslåing.

– Meiner du at Søre Sunnmøre bør verte ein storkommune?

– Anten ein eller to kommunar på Søre Sunnmøre, kanskje også inkludert Stryn og Stranda.