Volda rideklubb stilte med fire ekvipasjar, der tre var på lag. I tillegg deltok alle individuelt.

Dei fire som deltok for Volda rideklubb i noregsmeisterskapet var Liv Jorunn Nyhagen, Hanne Brunvoll, og systrene Randi og Anna Mork.

Randi tok bronsemedalje i juniorklassa, medan Anna som deltok i NM for første gong, kom på ein fin sjetteplass.

I seniorklassa vann Liv Jorunn Nyhagen gullmedalje, medan Hanne Brunvoll kom på 8.-plass av 14. Brunvoll, som eigentleg kjem frå Skodje, deltok som senior for første gong.

Tre greiner

I seniormeisterskapen vart det konkurrert i lett A dressurriding, middels maratonkøyring og 80 cm sprang.

I juniorklassa vart det konkurrert i lett B dressurriding, middels presisjonskøyring og 80 cm sprang.

– Det gjekk veldig bra med alle saman i alle klasser, så det vart mange premiar med heim frå dei opne klassane, seier Liv Jorunn Nyhagen, som er ein veteran i hesteklubben i Volda.

I lagkonkurransen tok Nyhagen seg av dressuren, Hanne gjorde køyringa, og Randi tok seg av sprangridinga. Samanlagt heldt altså dette til bronse.

Rideklubben hadde eigentleg tenkt å stille med to lag, men grunna fråfall før avreise, vart det berre med eitt.

Vinterstengt bane

Nyhagen, som har teke gull tre gongar i seniorklassa tidlegare, var nøgd med at voldingane presterte så godt, trass ein del utfordringar på heimebane.

– Vi har ikkje ridd instruksjon på to år, og vi har ikkje trenar lenger. I vinter var utebana fryst i seks månader, så vi fekk ikkje trene der. Det er imponerande at vi har trass dette har halde hestane i gang gjennom heile vinteren og no leverer så gode resultat, seier Nyhagen, som har teke hestane med på tur til andre plassar for å trene i vinterhalvåret.

– Er det fryst og glatt, er det vanskeleg å galoppere og trene, for bana skal helst ha mjukt underlag. No arbeider vi aktivt med å spare pengar til å byggje ridehall. Det er det det står på, så om nokon sponsorar vil hjelpe oss, vert vi takksame for det. Om vi når målet, er planen å ha ein hall på plass om nokre år. Då kan vi levere enno betre resultat, seier ho.

God stemning

I dag er det 70 medlemmer i klubben, der ti driv aktivt med konkurranseriding. Klubben arbeider med rekruttering, og har difor mange juniorar.

Liv Jorunn er nøgd med resultatet av årets tevling.

– Vi har eit ferskt lag no, men vi hadde eit godt samarbeid. På NM var alle fire frå Volda i same stall, der vi hjelpte kvarandre.

– Elles er det svært kjekt å vere med på NM, der det er 113 hestar og 300 menneske. Alle kjenner alle og går rundt og pratar med kvarandre heile tida. Det er god stemning.

Veteranar: Liv Jorunn Nyhagen og hesten Pokemann har vore med på NM mange gongar. Foto: Ingvild Rydjord Hansen Foto: Ingvild Rydjord Hansen