Tysdag klokka tolv vart skissene for framtidas kulturhus lagt fram for formannskapet i Volda. Byggjenemnda har halde korta tett til brystet medan dei har arbeidd med planane, men no er utkastet klart: Ein ny kultursal på to tusen kvadrat, kombinert med oppgradering og utviding av det gamle samfunnshuset, kan verte resultatet.

Jan Henning Egset har leia arbeidsgruppa for nytt kulturhus. Han presiserte at dette er eit førebels forslag, og at mykje kan justerast før dei er i mål.

Formannskapet i Volda var dei første som fekk sjå dei nye teikningane tysdag Foto: Kjell Arne Steinsvik

Undervegs har dei henta inspirasjon frå Ulsteinvik og Herøy, der nemnda har vore på synfaring på Ulstein Arena og konserthuset/kinoen i Fosnavåg.

– Ambisjonsnivået er at biblioteket skal ha funksjon og innhald på linje med Ulstein Arena, medan kultursalen skal vere på høgde med konsertsalen i Fosnavåg konserthus, sa Egset.

– Målet er å få til eit prosjekt der det er aktivitet store deler av døgnet, heile veka. Bygget skal stimulere til kommunal, privat og frivillig aktivitet, skape møteplassar og legge til rette for lokalsamfunnet sine behov.

Slik kan kulturhuset i Volda verte sjåande ut: Foto: Nordplan

Byggjenemnda har hatt tett dialog med noverande og framtidige brukarar. Konklusjonen er at bygget skal innehalde fleksible løysingar for bruk av storsal, det er planlagt at ungdomsklubben og biblioteket skal inn, det skal opprettast kafédrift, eit livssynsnøytralt seremonirom, og leggjast til rette for ei meir framtidsretta og moderne kinodrift. Kinoen i Volda har i dag låge besøkstal samanlikna med tilsvarande kommunar med nyare kinosalar.

Slik kan kulturhuset i Volda verte sjåande ut: Foto: Nordplan

Det er Nordplan som har utarbeidd skissene som vart lagt fram tysdag.

Kostnadsrammene for utbygginga er tenkt å liggje ein stad mellom Ulsteinvik (300 mill.) og Fosnavåg (110 mill.).

– Det er vanskeleg å leggje fram eit kostnadsoverslag før skisseprosjektet er ferdig i november, men kostnaden vert nok ein plass mellom Fosnavåg og Ulsteinvik, som begge har ulikt innhald og funksjonar, sa Egset.