Ørsta ungdomsskule har som tradisjon å arrangerer fotballturnering mellom 8.- og 9.-klassingane på nest siste skuledag før sommarferien. Fotballturneringa er ein del av aktivitetsdagen ved skulen. Sjølv om det var grått og vått utandørs var aktivitetsnivået stort. Gjennom første del av dagen stod sykkelritt, svampekasting på lærarar, slakk line i skogen, hesteskokasting og badminton på programmet. Ei utvida matpause med grillmat var og gjennomført før turen gjekk til kunstgrasbana på Ørsta stadion.

– 8c vann både på gute- og jentesida, og det er sjeldan at same klasse går sigrande ut av turneringa. Elevane, inkludert 10.-klassingane fekk setje saman eit all-star-lag som skulle møte lærarane, seier kroppsøvingslærar Einar Myrold.

Til topps: 8c vann fotballturneringa både på gute- og jentesida. Her saman med kontaktlærarane Rita Aakre (t.v.) og Martin Klein Larsen (t.h.).

Med spelarar frå både a-laget til Ørsta, juniorlaget, kretslag og sonelag klekte lærarane ut ei litt slu plan.

– Det er sjeldan at lærarane er underdog i desse kampane. VAR har vore mykje i vinden under VM og difor hadde vi ein plan om eigen VAR-representant i Lars Vatne Nielsen. Gjennom han klarte lærarane å halde seg inne i kampen. Det vart dømd to straffespark til lærarane som Robert Steinnes og Ole Petter Vinjevoll skåra på, men Sverre Sætre Orten skåra tre mål for elevane og Eskil Vinjevoll Nes eitt. Dermed vann elevane kampen vel fortent.

«Diskusjon»:VAR-representant Lars Vatne Nielsen og dommar Einar Myrold «diskuterer» ein straffe­situasjon.