Korleis er kvardagen din?

Kvardagen består av å kome seg gjennom arbeidsdagen,.Elles blir det litt fotball for Vartdal, litt skyting og om hausten mykje jakt. Litt for sjeldan ein fjelltur.

Kva aktuelle saker opptar deg for tida?

No gler eg meg til opning av ny stadion på Vartdal til hausten. Det blir utruleg svært og eigentleg ikkje noko eg hadde trudd kom til og skje i løpet av mi tid som fotballsparkar.

Kva vil du framheve med heimstaden din?

Fridomen, fjorden og fjella.

Kva saknar du i sentrum av Ørsta?

Ein bra uteplass.

Kva ville du gjere om du fekk vere ordførar i ei veke?

Slått saman Ørsta og Volda kommunar.

Korleis er di draumeforside i Møre-Nytt?

Byggeboom på Vartdalstranda.

Kva er ditt beste minne frå oppveksten?

Fjøsen med morfar, fjelltur med mormor, frukost med farmor og farfar før skule. Har mange, vanskeleg å rangere dei.

Kva får deg til å le?

I garderoben til Vartdal A-lag er det mange gode komikarar.

Kva er ditt favorittmåltid?

Noko bra grilla kjøt er aldri feil.