Husstandane i Ørsta kommune har til saman 70 millionar kroner i misleghalda gjeld. Dette er ei auke på 34 prosent frå same periode i fjor. Til saman var det 350 personar i kommunen som stod registrert med ein eller fleire betalingsmerknader ved utgangen av første kvartdal. Dette utgjer 4,4 prosent av innbyggjarane i Ørsta kommune, og det er 2,2 prosent ned frå same periode i fjor.

– Normalt følgjer misleghaldet i Noreg den generelle gjeldsutviklinga. Ei forklaring på auka misleghalda gjeld, til trass for berre ei mindre endring i personar med betalingsmerknader, kan difor vere at det generelle gjeldsnivået i samfunnet aukar, heiter det i ei pressemelding frå Lindorff.

Den samla misleghalde og opplyste gjelda i Ørsta har stege frå 52,3 til 69,9 millionar det siste året, ei auke på heile 33,6 prosent. Kvar av dei 350 personane med betalingsmerknad svarer no i gjennomsnitt for ei opplyst gjeld på 199.600 kroner.

– Alt i alt var det registrert 2.099 betalingsmerknader i kommunen ved utgangen av første kvartal, ei auke på 12,9 prosent frå same tid i fjor.

Administrerande direktør Siv Hjellegjerde Martinsen oppmodar alle som får problem til å ta kontakt med leverandørar og inkassoselskap for å forklare saka.

– Dei du skyldar pengar til er ofte positive til å finne ei løysing, for eksempel i form av betalingsutsetting, nedbetalingsavtale eller ein sjanse for å returnere ei vare.

– Vi ser at enkeltkommunar har mange innbyggarar med betalingsmerknader. Det er samtidig viktig å hugse at dette ofte er kommunar med få innbyggarar der verknaden av éin person til som får merknad visast betre i statistikken enn i større kommunar.