Møre-Nytt har den siste veka skrive om eit tvangssal av to leilegheiter i Holtegården i Volda. Samla takst var 4,9 millionar kroner, men dei to leilegheitene vart selde for 1,2 millionar. Ein arving er svært kritisk til måten salet vart gjennomført på.

Møre-Nytt har vore i kontakt med eigedomsmeklarar som seier dei er forundra over at Søre Sunnmøre tingrett brukar advokatar med meklarpraksis til å gjennomføre tvangssal, og ikkje eigedomsmeklarar.

– I dag brukar tingretten advokatar som medhjelparar ved tvangssal. Ved medhjelparsal er det særskilde reglar som regulerer salæret og verken ein advokat eller ein eigedomsmeklar kan såleis få honorar etter sine vanlege vilkår. Erfaringsvis er det mest effektivt å bruke medhjelparar som har vore medhjelpar tidlegare. Omsynet til å halde kostnadane nede ved eit tvangssal er viktig og det er fleire særskilde problemstillingar som oppstår ved tvangssal som ikkje gjer seg gjeldande ved eit vanleg sal av fast eigedom, seier sorenskrivar Elisbeth Wiik ved Søre Sunnmøre tingrett.

Søre Sunnmøre tingrett har om lag 140 saker i året som gjeld tvangssal. I overkant av ein tredjedel av desse vert det oppnemnd medhjelpar, opplyser sorenskrivaren.

– Sunnmøre tingrett brukar eigedomsmeklarar konsekvent. Bør ikkje også Søre Sunnmøre tingrett vurdere å innføre ein slik praksis?

– Søre Sunnmøre tingrett prioriterer å gi oppdrag til aktørar som er etablert i rettskrinsen og vi sjølvsagt opne for å sleppe nye til. Både lokalt etablerte advokatar og eigedomsmeklarar kan ta kontakt med tingretten dersom dei er interessert i medhjelparsalsoppdrag på dei vilkår som gjeld for slike oppdrag, svarer Elisabeth Wiik.

I saka om tvangssalet i Holtegården fekk kjøparane tilslaget for ein firedel av takst. Sorenskrivaren vil ikkje kommentere dette salet, men seier på generelt grunnlag at tvangssal ofte fører til prisar under takst.

Holtegården: To leilegheiter i Holtegården i Volda vart selde til ein firedel av takst.

–Når det gjeld tvangssal generelt så er det særskilde vilkår ein kjøpar må akseptere dersom ein skal by på og kjøpe ein eigedom seld på tvangssal. Desse reglane stiller kjøparar ved tvangssal i ei anna stilling enn ved vanlege eigedomstransaksjonar. Dette kan vere ei av årsakene til at ein generelt oppnår lågare prisar ved tvangssal enn ved vanlege sal, seier Wiik.