– Selskapet har inngått avtale om å overta festeretten til hotelltomta i Selje sentrum med tanke på å gjere eit forsøk på å få gjenreist eit framtidsretta og drivverdig hotell på tomta, heiter det i ei pressemelding frå selskapet Selje Hotell Invest AS.

Investorgruppa består av Nordfjord AS, ORV HOLDING AS, Norhus Ørsta AS, Selje Bolig Utvikling AS, Bjarne Krakereid Invest AS og Stadhav AS.

Selje Hotel vart påtend i november 2016 og totalskadd i brannen. Investorane meiner at det er potensial for å bygge eit framtidsretta hotell i Selje, og det skjer mykje spennande i distriktet. Selje Hotell Invest AS ber om arbeidsro i tida framover.

– Første steg er no tatt, eit viktig steg for å få nødvendig framdrift for den vidare prosessen