Det sa ein representant frå Widerøe, under debattmøtet på Hotell Ivar Aasen måndag. Han ønsker å vere anonym.

Widerøe nyttar seg av Hotell Ivar Aasen for crew som må ha ei overnatting før dei skal flyge morgonflyet frå Ørsta.

– Vi må sove. Det handlar om sikkerheit for dei flygande. Det skal vi ikkje ta lett på, og det tek heller ikkje Widerøe lett på. Legg eit crew hardt nok trykk på Widerøe, og seier at dei ikkje vil overnatte her meir, fordi dei får uroa nattesøvnen, så veit eg at Widerøe vil høyre på dei. Det er fordi det er for dyrt for Widerøe om vi må kansellere flygingar på grunn av dette, seier han.

Widerøe er pålagt å sørge for at crew har gode kvile- og søvnmoglegheiter for å unngå utmatting (fatigue).

«Fatigue hos crew er et sikkerhetsrelatert problem, da et uopplagt crew ikke har forutsetninger for å yte optimalt. De vil kunne oppleve mikrosøvn, feilraten blir høyere og oppmerksomheten redusert, blant annet», stod det i eit skriv som vart lagt fram under møtet.