– Det kan vere føremålstenleg for Ørsta vidaregåande skule å vise støtte til eit forslag på uteområdet for den nye fleirbrukshallen til Ørsta kommune, skriv avdelingsleiar Odd Erik Engetrøen til kommunen.

I brevet vert det lagt vekt på at forslaget til uteområdet har mange gode løysingar for aktivitet som er helsefremjande.

– Både for våre elevar i kroppsøvingsfaget og for den øvrige befolkninga som kan bruke dette anlegget på ettermiddag- og kveldstid, skriv Engetrøen.