I områdeplan for Ørsta kommune er det planlagt at det i framtida skal kome eit større forretningsbygg på det som i dag er parkeringsplassar på Lina-tomta. I planane som no er ute til offentleg ettersyn, er det tiltenkt ei ny avkøyrsle frå E39 mellom det nye forretningsbygget og Tindebygget. Ivar Aasengate 10 AS ved advokat Bjørn Kristian Hove reagerer på planane, og skriv til Ørsta kommune at dei ikkje aksepterer at vegen vert lokalisert som foreslått.

– I utgangspunktet stiller min part seg undrande til behovet for ei ny vegføring i sentrum. Vegen vil legge beslag på cirka 1 da attraktivt sentrumsareal. Noko som fordrar god grunngjeving. Slik god grunngjeving kan som utgangspunkt ikkje sjåast å ligge føre, skriv Hove.

Om planane som ligg føre skulle gjennomførast, vil Ivar Aasengate 10 AS tapet mellom femten og tjue opparbeidde parkeringsplassar.

– Det er snakk om dei beste og mest tilgjengeleg parkeringsplassane, jamfør bygget sin hovudinngang.

Slik ser området ut i dag. Etter planen vil den nye vegen kom høgre for avkøyrsla. Om denne plasseringa blir ein realitet vil mange av parkeringsplassane på bilde forsvinne. Foto: Svein Aam

Ifølgje Hove vil nivåforskjellen nødvendiggjere forstøtingsmurar/skjeringar som vil føre til at ytterlegare parkeringsplassar vil gå med, i tillegg til oppstå problem med snøbrøyting og -lagring.

– Redusert tal i parkeringsplassar i kombinasjon med pårekneleg auka allmenn bruk av parkeringsplassane resulterer i kvalifisert verdimink av min part sin forretningseigedom i kraft av redusert attraktivitet for bygget sine brukarar. Det stenger også for vidareutvikling av eigedomen – medrekna framtidige parkeringskrevjande leigetakarar, skriv Hove.

Det blir argumentert med at det på ingen måte kan leggast til grunn at dei objektive fordelane ved forslaget utan tvil veg tyngre enn dei subjektive skadane for forretningseigedomen. Hove meiner at den nye vegføringa ikkje kan lovleg vedtakast.

Ivar Aasengate 10 AS har og to alternative løysingar for vegføringa. Eit der avkøyringa til parkeringsplassane blir som i dag og eitt der vegføringa vert lagt inn på Lina-tomta.