Det sa ordførar Stein Aam (Sp) i siste formannskapsmøte før kommunestyret torsdag skal handsame den nye investeringsplanen.

Det nye er at planen går over ti år, og ikkje fire som tidlegare. Formannskapet rår til at planen skal vere innretta slik at kommunen ikkje skal ha meir enn 1,15 milliardar kroner i lånegjeld. Då gjekk formannskapet mot ei røyst (Paul Kristian Hovden, KrF) inn for å stramme inn med femti millionar kroner.

Ørsta kommunestyre har tidlegare kome med ynske om ein plan som går over fleire år.

Sjølv om 1,15 milliardar kroner høyrest mykje ut, meiner administrasjonen at det er ein stram plan.

– Ramma er ikkje høg nok til å dekke behova, men likevel så høg at den pressar drifta. Prosjekt knytt til liv og helse har første prioritet. Dette gjeld mellom anna brannsikring, skulebygg, sentralkjøken og trafikktryggingstiltak. Dei tunge prosjekta i første del av planen er Ørstahallen (fleirbrukshallen) som i 2018 ligg inne med kr 109 mill. brutto. Vidare er ny skule i sentrum og ny symjehall prioritert. Sæbø skule må inn seinare i perioden, men er per no uprioritert grunna at ein greier ut moglege samarbeid med fylkesmann og NVE, forklarar rådmannen i saksutgreiinga.

I formannskapet var altså ordføraren ivrig på at det måtte kuttast i planen. Han ville ta ut aktivitetsparken på Vikeøyrane, utsetje rådhusinvesteringar og byggje ny barneskule for Ørsta sentrum der Ørsta vidaregåande no held til, i staden for på Mosflata. Samstundes ville han ha inn ny veg i Smådalane m.a.

Men formannskapet vegra seg for å gå i detaljar.

– Vi har ikkje diskutert dette i gruppa enno, og vil kome tilbake til dette under handsaminga i kommunestyret, sa Per Are Sørheim (H).

Likevel påpeikte han at kommunen har store økonomiske utfordringar.

– Investeringane er høge, men det som er urovekkjande er drifta. Vi har ein eigedomsskatt som gjev oss inntekter på tjue millionar kroner årleg. Men samstundes siste åra har vi opplevd ein auke i driftsutgiftene på denne summen. Vi har ete opp heile handlingsrommet vårt. Det må vere meir å hente på organiseringa av tenestene våre, sa Sørheim.